Det var i november læraren blei dømt for utuktig omgang med ein mindreårig elev. Høgsterett meiner lagmannsrettens avgjerd om å ta frå mannen retten til å arbeide som lærar, var for streng.

Overgrepa fann stad for tre år sidan. Over tid gjorde læraren tilnærming mot ei jente han hadde i klassen. Dette toppa seg då læraren prøvde å kysse jenta, og la ansiktet ned i utringinga hennar. Under rettssaka vedgjekk mannen at han hadde rørt ved brystet til jenta, men nekta for at det hadde gått så langt som eleven forklarte. Retten valde likevel å tru på jenta, og dømde mannen til 18 dagar fengsel på vilkår. I tillegg blei han frådømt retten til å arbeide som lærar.

Det er den siste delen av dommen Høgsterett no har oppheva. Avgjerda opnar for erstatningskrav frå mannen. Grunnen er at han blei oppsagt av arbeidsgjevaren etter at dommen var sagt.