Mannen i 50-åra var naboen til den då ti år gamle jenta då overgrepa skjedde. I retten vedgjekk mannen at han nokre gonger hadde kome borti skrittet til jenta, utanpå kleda. Retten festa lit til det jenta forklarte, og meiner mannen er skuldig i berøringar som retten meiner kvalifiserer til å kallast relativt beskjedne overgrep. Retten legg likevel vekt på at jenta har hatt ein del problem i etterkant av overgrepa. Den tidlegare ustraffa mannen er no dømd til 60 dagar fengsel på vilkår, slik også aktor kravde.