Førre veke var bergensfotografen Helge Skodvin i København for å feire 30-årsdagen til sin danske kjærast. Måndag ettermiddag gjekk han innom fotobutikken Photografica i Skinner gate, like ved Strøget, saman med sin danske kollega, John E. Petersen. Etter å ha kikka på fotoutstyr ein halv times tid, forlet dei butikken.

Fredag kveld står Petersen heime på kjøkkenet i København, og lagar mat. I stova sit kona og ser på den regionale nyheitssendiga på TV2/Lorry.

Plutseleg kjem ho hylande inn på kjøkkenet:

— Du og Helge er etterlyst for ran på TV2!

Det viser seg at tv-stasjonen i beste sendetid har spelt av ein videotape frå fotobutikkens overvakingskamera. Bileta viser Skodvin og Petersen inne i butikken. Bergensaren er dessutan ringa inn med kvit sirkel. Nyheitsopplesaren fortel at desse mennene er etterlyste, og mistenkte for eit rambukk-tjuveri i fotobutikken natt til torsdag. Vidare at dei er cirka 1,70 cm høge, ser mistenkelege ut og har austeuropeisk utsjånad.

— Med ein gong syntest eg at det var frykteleg morosamt. Men etterkvart stivna latteren, seier Skodvin til Bergens Tidende.

Både Skodvin og Petersen ringde straks til kriminalpolitiet i København, for å fortelje at dei ikkje hadde noko med ranet å gjere.

I ettertid er det kome fram at Valby politi sende over rett videotape frå fotobutikken, men at tv-stasjonen spelte av feil sekvens på bandet. Det er årsaka til at dei to fotografane vart uthengde som austeuropeiske ransmenn på lokal-tv for København og Sjælland.

Skodvin er opprørt over det som har skjedd.

— For det første er eg svært betenkt over at dansk politi heilt ukritisk gjev frå seg ein video av personar dei trur kan ha gjort noko. For det andre er det hårreisande at TV2 gjer den tabben å spela av feil sekvens på bandet. Det kunne fått langt verre konsekvensar, om ikkje kona til John tilfeldigvis såg på fjernsyn den kvelden, seier han til BT.

UTHENGD SOM RANAR: – Både Jarle Petersen og eg arbeider som sjølvstendige fotografar. Med tanke på oppdragsgjevarar og kundar er det ikkje kjekt å bli hengt ut for tjuveri av fotoutstyr, seier Helge Skodvin.
FOTO: ØRJAN DEISZ