Skal olje— og gassrikdomane i hava våre verta berre til ulukke for oss?

Mykje av oljefondet er spekulert bort. Truleg mykje meir enn denne nye landsfaderen, Carl I. Hagen, er villig til å dele ut nett no.

Grådige næringslivsfolk gjekk føre med dårlege eksempel. Så var det ikkje underleg at Per og Pål ville ha sitt. LO støtta oppunder.

No sit ein einvis sentralbanksjef og tviheld på høg rente og kronekurs.

Så byrjar næringslivsfolk å flagge ut, til lågkostnadsland i Aust-Europa og Asia. Vestlandet og Nord-Noreg toler ikkje dette. For der står kanskje også jordbruket for fall.

Nei, det er ikkje berre jordbruket no som treng overføringar. Sjøfarten får det, verftsindustrien treng det osv.

Landet vårt er byrja å flagge ut unge, dugande bønder. Dei får økonomisk hjelp av den norske staten, og etablerer seg som storbønder i Baltikum.

Men vi har då turismen, ei etter måten stor næring. Men kva er eit usselt, og etterkvart skogvakse Vestland og Nord-Noreg å syna fram?

Jau, fisken leikar uti kavet, som diktaren seier. Vi får vone at vi bergar den.

JON BERGHEIM