Leiinga ved Meieriet, som er studentane sin utestad i Sogndal, har gått til kollektiv avstraffing av britane, etter at tre av dei hamna i bråk.

— Dette er rasisme, seier tillitsmann for britane, Alan McGee, til NRK Sogn og Fjordane.

For eit tid tilbake hamna nokre av britane i slåsskamp med lokale heltar frå Sogn. Etter denne hendinga var meldinga frå den populære utestaden i Sogndal grei: Alle dei britiske arbeidarane ville bli avviste om dei kom til utestaden i framtida.

Sjølv om Meieriet er studenthuset i Sogndal, har alle fri tilgang. Tillitsvald McGee har prøvd å forhandle fram ei løysing. Mellom anna skal han ha tilbydd seg å stå i døra sjølv for å plukke ut potensielle bråkmakarar.