Oppstarten av parsellen E 39 Svegatjørn-Rådal er i utkastet utsett til etter 2010. Utkastet skisserer òg at prosjektet delvis må bompengefinansierast. Det er tydeleg at osingane på ny må mobilisera for framskunding av vegprosjektet.

Os Frp har tatt konsekvensen av dette og kontakta Framstegspartiets fraksjon i samferdselskomiteen på Stortinget. Stortingsrepresentant Thore Aksel Nistad (Frp) tok utfordringa, og i regi av Hordaland Frp og Os Frp var han sist veke på synfaring langs den nye stamvegtraseen E 39 Os-Bergen.

Nistad var klar i sine uttalar. På vegner av Frps fraksjon i samferdselskomiteen lova han at Framstegspartiet vil gå inn for kontinuerleg framdrift i prosjektet, med oppstart av parsellen Svegatjørn-Rådal når parsellen Moberg-Svegatjørn står ferdig i 2005.

Frp meiner at parsellen kan vera høgaktuell som eit offentleg-privat-samarbeidsprosjekt. Utkastet til ny Nasjonal Transportplan for perioden 2006-2015 er ein tragedie for framtidig vegbygging i Norge. Rammene til vegutbetring vert kraftig redusert i forhold til tidlegare planar, noko som fører til at fleire viktige prosjekt vert utsett i tid. Bondevik-regjeringa har berre dei to siste åra løyvd 1,4 mrd. kroner mindre til vegutbygging enn det som ligg inne i vedteke Nasjonal Transportplan 2002-05. Det kan verka som om Norge no er i ferd med å spare seg til fant. Statsminister Bondevik er tydelegvis meir oppteken av å investera oljepengane i utanlandske aksjar enn i norsk infrastruktur.

Frp meiner at regjeringa no må ta inn over seg at det er stor ledig kapasitet innan anleggsbransjen. Dei store entreprenørselskapa står utan arbeid! Konsekvensen er aukande arbeidsløyse. Ei offensiv satsing på vegutbygging, slik Frp har fremja forslag om i Stortinget, ville kunne betra denne situasjonen. Samstundes kunne privatpersonar og ikkje minst næringslivet fått redusert sine transportkostnader!

Ein ting er i alle fall sikkert; — vi osingar må nok ein gong på barrikadane i vegsaka. Vi kan ikkje lenger la pendlarar, næringsliv og andre leva i uvisse om når ny veg til Bergen er ferdig. Spesielt ikkje når arbeidet med første parsellen Moberg-Svegatjørn er i gang. Os Fremskrittsparti vil difor oppmoda dei andre politiske partia i Os om å ta liknande initiativ overfor sine medlemmer i Stortingets samferdselskomité. Nasjonal Transportplan vert handsama i Stortinget til hausten. Før det må stortingsrepresentantane få ei forståing for situasjonen mellom Os og Bergen, og det gjer dei best ved sjølvsyn av dagens E 39-trasé!

Gustav Bahus, Os Fremskrittsparti