Av Bjarte Stubhaug psykiater

Professor i samfunnspsykologi Frode Thuen kritiserer «utbrenthets-kritikerne» og meiner deira årsaksforklaring er «direkte helsefarlig» (BT 26.9). Han diskrediterer Hege Eriksen og «utbrenthetskritikerne» innsikt og forståelse:....«det kan man bare si hvis man ikke har erfaring med pasienter som har gått på en skikkelig trøkk. Alle vi som møter slike pasienter, vet at det mange ganger er helt avgjørende at de får anledning til å sykemelde seg over lang tid, gjerne 8-10 uker eller mer». Eg er blant dei som har vore kritisk til bruken av begrepet utbrenthet, og har sjølv mange års klinisk erfaring med behandling av utmattelsesplager, neurasteni og depresjon.

Eg har gjennom mine pasientar lært noko om kva smerte og lidelse slike plager medfører, og har ei audmjuk tilnærming både til forståing og behandling av utmattelse og depresjon.For det er som oftast dét det dreier seg om. Utmattelse og depresjon. Og empati-svikt.

Når utbrenthet no blir omtalt som ein ny diagnose, ein spesifikk tilstand som lar seg avgrense og skildre presist, er det feil. Den er verken ny eller spesifikk. Difor kan enkle forklaringsmodellar og behandlingsopplegg stundom fungere som falsk kunnskap og tilsløre andre problem og behandlingsbehov.

Utbrenthet er eit ord for ein tilstand som kan omfatte mange ting. Det kan vere ein depresjon, med nedstemthet, pessimisme, skuldkjensle, nedvurdering, angst, søvnvanskar, i tillegg til allverdens fysiske plager. Det kan vere ein reaksjon på krenkelse og avvisning, forbigåelse og manglande bekreftelse. Det kan vere ein krisereaksjon etter traumer, tap og ulykker. Det kan vere ein utmattelsesreaksjon etter overytelse, overaktivering og for stort ansvar. Det kan vere ein utmattelse etter lang tids uregelmessig døgnrytme, skiftarbeid, arbeidspendling til Østen og Junaiten, for mykje kaffi, alkohol og dop, og for lite søvn og kvile.

Og det kan vere del av ein fysisk sjukdom, alt frå virussjukdom, hormonforstyrrelse og blodmangel, utan at dette er kjent. Og det kan vere ein kombinasjon av alt dette. Det er det ofte.

Då blir det feil å operere med spesifikk avgrensing, årsaksforklaringar og behandlingsopplegg.Mange utbrenthetsprofetar synest å gjere det. Det er lite forskning som støttar dette. Det er heller ikkje ei allmenn klinisk erfaring at alle «utbrente» er like, at dei treng lang sjukmelding, at dei må ha oppryddingsaksjon i livet, eller at dei har så god effekt av terapi. Det kjem an på kven vi snakkar om, for alle «utbrente» er altså ikkje like. Det er heller ikkje klokt å sjå tilstanden kategorielt — at enten har ein det, eller så har ein det ikkje. Det vil vere betre å tenkje dimensjonelt: alle er litt brent, nokon meir svidd, og nokre få kanskje altså «utbrent». Kor grensa går mellom det normale, det friske og det sjuke kan vere vilkårleg. Akkurat som for høgt blodtrykk. Og for «utbrenthets-diagnosen» er det ingen gudegitt eller forskningsbasert grenseverdi.

Eg kallar det utmattelse. Det kjenner folk igjen. For det er normalt å vere utmatta, stundom. Når ein har overanstrengt seg, og det gjer dei fleste, innimellom. Dei bør iallfall gjere det, for berre slik kan ein bli kjent med eigne grenser og yteevne. Men folks grenser og yteevne er svært ulike. Både fysisk og psykisk. Sårbarhet og sjukelighet er ujamnt fordelt. Enkelte tåler alt, andre nesten ingenting. Folks disposisjon for sjukdom er individuelt ulik.

Så skjer det gjerne noko i livet, ei hending eller ting som byggjer seg opp og varer; noko som utløyser sjukdom og svikt. Virus, krenkelse, overytelse.

Det viktigaste er ikkje å vere sikker på kor mykje dei disponerande eller utløysande faktorane betyr, men å forstå dei forhold som held vedlike plager og funksjonssvikt. Det vil oftast vere både ytre og indre forhold; både arbeid og stress, nettverk og støtte, samt eigen evne til grenser og autonomi. Dette krev aktiv innsats og vilje til å endre sine mestringsstrategier, samt håp om å kunne blomstre igjen.

Då passar ikkje bildet av seg sjølv som utbrent. Det gjev lite håp, og skaper lett sjukdomsatferd som vedlikeheld mestringssvikt.

Kanskje vi skal brenne heile utbrentheten, satse på nye bilder som gjev rom for mestring, og bruke erfaringsbasert kunnskap og forskning som støtte for å forstå, forandre, lindre og lækje.