Av Hans Olav Tungesvik, psykiater

Dette er òg overskrifta på det første kapitlet i boka «Nytt mot på livet» som eg gav ut i 2000. Eg har med andre ord sett det som ei oppgåve å medverka til å få rydda ordet ut av språket vårt. Svært mange har gjeve sin tilslutnad til tanken. Til denne tid har resultatet vore magert. Etter debatten i BT dei siste vekene øygnar eg ei lysning.Mot denne bakgrunnen er det neppe nokon som undrar seg over at eg er usamd i både overskrifta og i mykje av det som står i professor Atle Roness sin kronikk 19.10.02 under tittelen «Utbrenthet — et nyttig begrep».I introduksjonen til kronikken blir boka nemnt som Atle Roness har redigert saman med Stig Berge Matthiesen under tittelen «Utbrent. Krevende jobber - gode liv?»Det var ikkje utan kvaler eg takka ja til invitasjonen om å vera medforfattar i boka. I hovudsak er ho bygd på innlegga på ein stor konferanse som vart halden i Bergen i 2000. Mi trøyst då eg takka ja til å vera medforfattar, var at eg fekk høve til å polemisera mot omgrepet «utbrent» også i det kapitlet eg der skreiv.Hovudpoenget i denne diskusjonen er for meg ikkje først og fremst å polemisera, men å peika på alternativ. Etter mitt syn finst det minst to alternative uttrykk som er langt betre eigna til å illustrera den tilstanden det her dreiar seg om. Det eine er uttrykket utlada med assosiasjonar til eit batteri som ikkje lenger fungerer. Batteriet kan ein med relativt enkle hjelpemiddel lada opp, og då fungerer det som før.Endå betre er etter mitt syn samanlikninga med eit vassbasseng som er i ferd med å gå tomt for vatn. Har det gått heilt tomt, er det uttappa, og når det er i ferd med å gå tomt, er det nedtappa. I desse tilfella får ein ikkje inntrykk av det definitive som ligg i uttrykket «utbrent». Eit utbrent hus eller ein utbrent bil er det ikkje meir å gjera med, dei er begge eigna for skraphaugen. Eit basseng som er nedtappa, er det to meiningsfylte ting å gjera med:1. Tetta avlaupet.2. Opna alle tenkjelege tilførselskjelder.For dei som er nedslitne i yrkes- og omsorgsarbeid og har hatt andre belastningar som har tappa krefter, vil det seia at to tilsvarande tiltak må setjast i verk: 1. Dei aktivitetane som har tappa kreftene, må så langt mogeleg stoppast. Det kan innebera sjukemelding, fritak frå spesielt krevjande oppgåver, stenging av telefonen - inklusive mobiltelefonen - og omplassering av ansvar. 2. Kvile og godt matstell, omgang med familie og gode vener, fysisk aktivitet i passande doser og andre tiltak som er lystvekkjande, eventuelt samtaleterapi.3. Etter mitt syn er det ikkje noko godt argument å visa til at tilstanden på engelsk blir kalla «burn-out». Om andre språk har valt eit uheldig uttrykk for ein tilstand, så er ikkje det eit godt argument for at me på norsk skal velja tilsvarande uheldig uttrykk. Roness synest å knyta tilstanden i hovudsak til noko som skjer i arbeidslivet. Mi røynsle er at det i dei aller fleste tilfelle berre er ei delforklaring. På Frihamn-senteret i Skånevik tar me inn 8 personar om gongen som alle deltar i eit 2-vekers intensivt gruppeterapeutisk behandlingsopplegg. Frå 1997 har over 200 personar vore med på slike opplegg. I så å seia kvar gruppe har det vore 2-3 personar med nettopp slitasjetilstanden - uttapping - som hovudproblem. Gong etter gong får eg stadfesta orda til min lærar i psykosomatisk medisin på Rikshospitalet, Finn Askevold: «Ingen blir utsliten av arbeid åleine, der er alltid psykologiske tilleggsfaktorar.» Eg finn ikkje Roness sin definisjon dekkande når han seier at «Utbrenthet er en form for arbeidsstress. Det brukes om den utmattelsestilstand som mange utvikler som følge av hardt arbeid over lang tid.»Det er etter mi erfaring ikkje berre tale om arbeidsstress og hardt arbeid. Det er tankar som rører ved djupe strenger i kjenslelivet i tillegg til arbeidspress som utløyser tilstanden i dei fleste tilfelle. Roness peikar rett nok på at tilstanden ikkje berre skuldast jobben, men òg samspelet mellom jobb og personlegdom og spenningar mellom jobb og familie. Dette sluttar eg meg heilt til. Likevel er det mitt hovudinntrykk ut frå Roness sin artikkel at det er jobben som «har skulda» først og sist. Personleg ser eg ingen grunn til at det at tilstanden også har med jobben å gjera, i seg sjølv er nokon grunn til å halda på ei uheldig tilstands-beskriving. Dessutan har det altså etter mitt syn, slett ikkje alltid mest med jobben å gjera. Svært ofte er det ting knytt til privatlivet som går så sterkt inn på vedkomande at ho/han ikkje maktar å samla seg om jobben. Derfor går det i stå på arbeidsplassen. Fleire og fleire slit med familie- og samlivsproblem eller andre relasjonsproblem. Så langt statistikken rekk frå mitt arbeid, er dette minst like viktige moment som det Roness viser til, nemleg krava i arbeidssituasjonen, manglande handlefridom og manglande støtte frå leiinga.