Av Reidar Kvåle,

Bergen

Jurysekretær Per Edgar Kokkvold fortalde at eit fleire siders kritisk notat var skrive av Tomm Kristiansen, dåverande utanrikssjef i NRK. I dette notatet vart det stilt spørsmål ved truverdet i Seierstad sine reportasjar. Ho vart skulda for å drive overflatejournalistikk, nytte tvilsame metodar, mangle innsikt i kulturen i Afghanistan og gje eit falskt inntrykk. Jurymedlem og nyhendedirektør Anne Aasheim i NRK tok notatet med til resten av juryen. Etter dette fann dei ingen som var verdige til å få Den store journalistprisen i 2002.

Kommentatorar hevdar at baksnakking og sladder er vanleg i NRK sin utanriksstab, og at gubbane vert smale og gule i augo av misunning når det kjem ein ung frilansjournalist og stel overskriftene. Dersom dette er sant, har NRK eit internt problem.

Dersom kritikken mot Seierstad derimot er sakleg og på sin plass, har NRK eit anna problem, som vedkjem allmugen i større grad. Tomm Kristiansen sat nemleg som utanrikssjef og godkjende at Seierstad sine reportasjar vart sende ut til det norske folk, samstundes som han altså hudfletta journalistikken som låg bak desse reportasjane. Det var ingen offentleg kritikk av Seierstad sine journalistiske metodar medan dette pågjekk, og slett ikkje frå NRK-hald. Er det verkeleg slik å forstå at NRK meinte reportasjane var gode nok for folket, men eigentleg tvilsam journalistikk som ikkje heldt mål?

NRK er ei viktig kjelde for store delar av det norske folk når det gjeld å orientere seg om aktuelle utanrikspolitiske saker. Journalistisk integritet og truverde er slett ikkje noka intern sak for ein slik allmennkringkastar. Det er difor litt merkeleg når Aasheim og kringkastingssjef Bernander mullar om interne notat, og ikkje vil kommentere denne saka noko vidare. Sladderen og misunninga kan NRK godt halde for seg sjølv. Det faglege bør dei vere opne på.