Terje Ulvedal

Viktigaste grunnen er vanskar i ekteskapet. – Mange av dei utanlandske kvinnene blir mishandla av norske menn, seier Liv Teigen, leiar ved Krisesenteret, til NRK Sogn og Fjordane. Talet på utanlandske kvinner som søkjer til senteret i Florø har auka merkbart dei siste to åra, og Liv Teigen trur årsaka er at det blir inngått fleire ekteskap mellom norske menn og austeuropeiske kvinner.