Av Øygunn Leite Kallevik

Tidlegare var eg sjeleglad for at eg slapp å uttala meg offentleg om eit slikt vanskeleg tema. Men det er eigentleg ganske enkelt: Vi skal elska alle menneske slik som dei er, uavhengig av legning, livssyn, nasjonalitet eller liknande.

Vi har så lett for å starta i feil ende: Først prøver vi å endra på folk — deretter vil vi visa vegen vidare. Eg kunne ha ramsa opp mange døme på kor kjærleg Jesus møtte personar som andre menneske såg ned på.

Det er kanskje ikkje utan grunn at mange av døma som blir nevnt i Bibelen omhandlar menneske som avvik frå samfunnet på det seksuelle plan? Jesus viste ubetinga kjærleik og Han plasserte ikkje enkeltindivid i båsar. Heldigvis såg Han direkte forbi dette hinderet.

Vi menneske består ikkje berre av ein liten del, men vi er samansett av mange unike dimensjonar. Vi er faktisk like ulike som snøkrystallane som dalar så fredeleg ned over oss i desse dagar.

Bibelvers kan lett verta misbrukt dersom ein ikkje ser dei ut frå resten av Guds ord. Kan ta eit døme frå då Jesus vart frista av djevelen:

«Så tok djevelen han med seg til Jerusalem, sette han på det ytste hjørnet av tempelmuren og sa:

«Er du Guds Son, så kast deg ned herifrå. For det står skrive: Han skal gje englane sine påbod om deg at dei skal verna deg. Og: Dei skal bera deg på hendene, så du ikkje støyter foten på nokon stein.»

Men Jesus svara: «Det er sagt: Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.» (Luk 4:9)

Versa som djevelen her henviser til står rett nok i Bibelen (Salme 91:11-12), men Jesus vart vist at i denne situasjonen var det ikkje desse orda som skulle styra hans handling, av di dei vart brukt på feil måte.

Det er ikkje vanskeleg å finna bibelvers som omhandlar homofili, men det er og sagt:

«Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile di sjel og av alt ditt vit Dette er det største og fyrste bodet. Men det er eit anna som er like stort: Du skal elska nesten din som deg sjølv. På desse to boda kviler heile lova og profetane.» (Matt 22:37)

Vi kan profetere til vi blir blå i fjeset, men «om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.» (1. Kor. 13:2)

Det er ofte enklast å framheva saker og ting ein ikkje har noko direkte forhold til sjølv. Lat meg snakka om det som angår andre, så eg ikkje risikerer å møta meg sjølv i døra. Lat meg sleppa å ta stilling til om eg er er pengegrisk, eigesjuk, er ein baktalar, er overmotig, stjel, oppsøkjer eiga ære, manglar kjærleik, er sjølvhevdande, er uforstandig, er oppblåst, ikkje legg vinn på gjestfrihet, ikkje er barmhjertig, er ein mordar, er misunneleg...

Når vi tenkjer oss om er det vel ikkje først og fremst helbredelsesmøte for homofili som er mest prekært? Vi har alle noko vi treng å bli løyst frå, og eg trur vi kjem så uendelig mykje lengre ved å bekjenna eigne svakheter enn å finna dei hos andre.

Eg seier meg einig med Salomo: «Det er betre å være audmjuk saman med dei som er i naud, enn å dele bytte med dei overmodige.» (Sal. Ordspr. 16:19)