DEBATT

Av Frode Strønen,

Miljøpartiet Dei Grøne i Hordaland

8.-klassingane lærer om Marie-Antoinette som spurde kvifor folket ikkje åt kake då det ikkje hadde brød. Den franske revolusjonen braut ut fordi herskarane hadde eit filter i hovudet som sa at det var naturleg å dela samfunnet inn i «stender». Der adelen og overklassen hadde alt, og fattigfolket ingenting. Slik skulle det vera i tida før vertikal solidaritet i nasjonalstaten vart allmenn fornuft.

Filteret kosta Marie-Antoinette og mange med ho hovudet. I våre dagar tykkjer me at hovuda deira var ganske tomme medan dei enno sat på. Utan å tenkja på at me går rundt med omtrent det same filteret i hovuda våre.

I dag tykkjer me det er naturleg å handsama folk ulikt alt etter kva nasjonalstat me kjem frå. Som den franske adelen lever me feitt på arbeidet til fattigfolk. For samhandel med dei vil me ha, på våre premissar. Global fri flyt av varer, tenester og kapital.

No vert 3/4 av landbruksmaten vår dyrka på jorde i andre land. Arbeidsvilkår og lønn i lettindustrien, som produserer mengder av merkevarene me pyntar på statusen vår med, er det ikkje ein gong naudsynt å gje døme på. Hadde innsatsen vorte betalt med norsk levestandard, ville forbruket vårt falle dramatisk. Så fri flyt av folk vil me ikkje ha. Det er jo allmenn fornuft.

Nordmenn har fortent meir pengar no når me har vore så heldige å få masse oljepengar, seier Carl I. Hagen. Nasjonalhumanisme. Tida går, filteret består. Heilt til ein ny Robespierre stig fram på arenaen og lager eit blodbad. Eller kanskje ikkje. Likevel er det eit spørsmål om tid før folk ristar på hovudet av filteret dei gjekk rundt med i hovudet om at det var naturleg å stengje fattigfolk ute frå heldige nasjonalstatar.

Nasjonalhumanismen vil lida same lagnad som stenderordninga i Frankrike for 200 år sidan.

Miljøpartiet Dei Grøne vil ha grøn globalisering. Utan filter, takk!