Fjell har høgste vekstraten i Hordaland. Prosentvis vaks folketalet i denne Sotra-kommunen meir enn tre gonger så kraftig som i Bergen i fjor. Nærast fylgde Lindås, Os og Askøy.

Den store revisjonen av kommunegrensene 1. januar 1964 gjorde Voss til største hordalandskommunen utanom noverande Bergen. Folketalet er i dag berre 560 høgare enn for 39 år sidan. Det har variert mellom 13.257 i 1964 og 14.168 i toppåret 1980 — i praksis stått stille.

I mellomtida har kommunar på kysten gått forbi. Askøy smatt forbi i 1969, og har sidan halde leiartrøya som størst i fylket utanom Bergen. Stord vart større enn Voss i 1987. Då hadde Fjell for lengst sett i gang klartringa frå sine beskjedne 6027 innbuarar i 1964 (før Sotrabrua). Fjell passerte Voss i 1989 og Stord to år seinare. No har Os forvist Voss til sjetteplassen på fylkeslista, etter ein auke frå 7082 i 1964 til 14.325 no ved årsskiftet.

Kvinnherad hadde 9848 innbuarar etter innleminga av Varaldsøy i statistikken frå 1965, og hadde ein sterk vekstrate i mange år. Den har vore litt veikare i det siste, og treng framleis nærare 700 fleire innbuarar for å nå att Voss. Kvam held stillinga som største kommunen i Hardanger. Odda vart passert i 1985.

Den «ordentlege» bykommunen Flora (med null som nest siste siffer i kommunenummeret) held stand som den mest folkerike kommunen i Sogn og Fjordane. Men avstanden til den sjølvutnemnde byen Førde skrumpa med ytterlegare 42 sjeler i 2002, og er no nede i 470. Langtidstendensen frå 1964 er klar: Statleg vekstsentersatsing har gitt Førde ein auke frå beskjedne 3980 til 10.910. Også Flora har hatt vekst, men den er langt veikare; frå 7718 til 11.340. Innlandskommunen Sogndal har faktisk vakse raskare, frå 3980 i 1964 til 6676 i dag.