Når me veit at desse media vert ein endå større del av born og unge sin kvardag, bør dei som har styringa med programinnhald vera seg sitt ansvar bevisst. Born og unge treng sunnare rollemodellar enn dei får gjennom desse media!

Når ein på TV stadig får sjå at konflikter skal løysast med slag, kniv og skytevåpen, er det ikkje rart at det vert teke i bruk slike midlar. Når reklameinnslag vert krydra med samleie/sexfokuserte rørsler som ingen ting har å gjera med det ein reklamerar for, då har det gjenge for langt!

Som døme kan nemnast reklame for ein CD, der ein musikkvideo syner ei kvinne og mor, som etter vårt syn, hadde ei usømeleg sexfokusert framferd saman med ein mannleg songar. Og når ein mann går att og fram på golvet, naken, og vert rekna som underhaldning for norske heimar, er det teikn på noko sjukt og ein sviktande moral både hjå utøvar og dei som tillet at slikt vert sendt.

Det er for seint å ropa opp når skaden er skjedd, anten det gjeld vald og drap, eller sexuelt misbruk. Og blotting, er ikkje det straffbart i landet vårt?

«Big Brother» er eit døme på pinleg lavmålsunderhaldning! Når folket let seg underhalda og forlysta av slikt «søppel-TV» syner det at me er på full fart inn i eit forsøpla samfunn!

At foreldre må passa på, og at ein kan bruke av-knappen, er ikkje noko me godtek i denne debatten. Me finn oss ikkje i at TV-media skal retta opp sin dårlege økonomi med å senda umoralske program!

Me vil på det sterkaste oppmoda statsråden om å koma i samtale med TV-media for å påverka dei til å syna større ansvar for korleis born og unge skal påverkast gjennom desse media!

KARI BERIT VETHE, OLINA DUGSTAD, VOSSEGRUPPA AV NORGES KVINNE— OG FAMILIEFORBUND