Politiinspektør Yngve Skovly opplyser til Bergens Tidende at firmaet i Stryn som offisielt stod som mottakar av spriten, har reint mjøl i posen.— Dette er heiderlege folk som er utnytta av spritsmuglarane, seier han. Smuglarane fekk tak i eit brevark med firmaet sin logo, adresse og føretaksnummer. Dette nytta dei til å tinga sprit på. Derimot var dagleg leiar av ei sunnmørsverksemd involvert. Han er i Sunnmøre forhøyrsrett dømt til eitt års fengsel, derav ti månader på vilkår, med to års prøvetid.