PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bt.no

Historia om Florø-urmakaren som videoovervåka ein uvitande tilsett gjekk landet rundt. Eystein Moe (61) mistenkte ein kvinnleg tilsett for å underslag frå kassa, og kontakta ein bekjent eks-politimann for å avsløre syndaren.

Symbolsk bot Dei ulovlege metodane Moe benytta seg av, kom fram i prosessen der den tilsette vart bøtelagt underslaget. Kvinna vedtok ei mindre bot for dette, men nekta samstundes straffskuld.

Etter at dei fekk kjennskap til tv-overvåkinga, reiste politiet sak mot urmakaren og ila han ei bot på 1000 kroner. Denne nekta Moe å vedta. Saka gjekk dermed til retten, og Sunnfjord heradsrett gjorde det onsdag denne veka klart at urmakarens overvåking er lovstridig.

Men straffa er nærast symbolsk, for retten berre opprettheld bota på 1000 kroner. Heradsretten har heller ikkje ilagt domfelte sakskostnader.

Frikjent for lyd Samstundes blir Moe frikjent for å ha gjort ulovlege lydopptak av den tilsette og kundane. Dette på grunn av at den tilsette visste at det allereie var videokamera i butikken, og at dei kunne ta opp lyd.

Men ho ante ikkje at Moe, med god hjelp av sin venn eks-politimannen, hadde snudd kameraet. Såleis vart fokus no retta mot dama bak disken, og ikkje mot eventuelt langfingra kundar. Det heile pågjekk i halvannan månad hausten 1998.

Ute på bakrommet kunne urmakaren følgje den tilsette på ein tv-monitor, og han hadde også utstyr til å gjere opptak av det som gjekk føre seg.

Ikkje naudvergje Sunnfjord heradsrett meiner at overvåkinga er ulovleg, ettersom den tilsette ikkje var varsla.

Moe kan heller ikkje påberope seg naudvergjerett, fordi underslaget allereie var avslørt på anna vis i form av kassalappar og fakturaar.

Retten har funne at Moe var klar over at han opererte i eit lovmessig grenseland, og påpeikar at skjult tvovervåking inneber ei alvorleg krenking av integriteten.

DØMT: Eystein Moe, her sammen med sin advokat, Nicolay Skarning, er dømt for ulovlig overvåking av en ansatt.