Det leie med ei slik ordning er at det synes aldri å ta slutt. Stadig dukkar det opp nye prosjekt som skal finansierast, og når ein først har etablert ei inntektskjelde, så er det freistande å halde fram med den.

Det har vore Stortinget sin føresetnad at slikt ikkje skal skje. Når prosjektet er betalt – skal bommen fjernast.

Framlegget som no ligg føre bærer i seg at prosjekt skal finansierast ved at bompengar vert kravde inn på ein heilt tilfeldig stad – Nordhordlandsbrua. Visst er dette praktisk, men det råkar så urettferdig som det går an. Me som er så uheldige at me må passere bommen på vår veg til jobben kvar dag, me må betale heile gildet, medan dei som trafikkerar mot Mongstad eller andre stader i distriktet, går fri.

Pendlaraksjonen er djupt usamd i at bompengeinnkrevinga på Nordhordlandsbrua vert lengd etter at brua er betalt. Me oppmodar alle politikarar i Nordhordlands-kommunane om å røyste ned framlegget.

SIDSEL STYVE,FOR PENDLARAKSJONEN MOT BOMPENGAR