• Fleire sikringstiltak vil vere heilt nyttelaust, meiner kjennarar av miljøet innanfor ekstrem skisport.

— Dette er personar som søkjer utfordringar. Dei bryr seg ikkje om gjerde og andre hindringar, seier Arild Holm, arrangementssjef for alpint i Norges Skiforbund.

Han meiner dei som køyrer ski utanfor oppmerka trasear må samanliknast med turgåarar.

— Dei brukar naturen på eige ansvar, og må sjølv ta konsekvensane.

Holm meiner sommarskisenteret ikkje kan lastast for dei to ulukkene så langt i år.

— Dei kan ikkje ta ansvar for at folk på eige initiativ går utom merka nedfartar. Styreleiar ved senteret, Håvard Skibenes, seier at dei ikkje har planar om nye fysiske sikringstiltak bortsett frå det som er gjort.

— Skulle vi sikra dette området måtte vi gjort det like til Turtagrø i Sogn, seier Skibenes. Senteret arbeidet no med å lage eit fjellatlas for området. Her skal det mellom anna informerast om farar.