Så godt som alle ventelisteoperasjonar på Ortopedisk avdeling ved Haukeland sykehus er avlyst inntil vidare. Årsaka er at avdelinga dagleg får inn 15-20 pasientar med akutte brotskader etter rundkast på glattisen.

Tysdag morgon venta femten pasientar på operasjon. Dei fleste var eldre menneske med brotne lårhalsar, bein eller armar etter ein tur utomhus.

Dei siste vekene har det vore overfyllt på «ortopeden». I går husa avdelinga 35 pasientar meir enn det strengt tatt er senger til.

Overbelegg på femti prosent

— Sidan snøen og isføret kom i desember, har vi hatt eit overbelegg på femti prosent. Det må vera rekord for eit norsk sjukehus, meiner avdelingsoverlege Leif Havelin ved Ortopedisk avdeling til BT.

Oversjukepleiar Marit Irgens stadfestar at hålka skapar unntakstilstand for tida.

— Her er det fullt kjør. Folk jobbar doble vakter og står på, men ingen klagar. Vi er ikkje bemanna til å klare slike økter, men gjer det vi kan, sjølv om det er tøft. Men det er berre å konstatera at bergensarane ikkje kan gå på glattisen!

Må fasta i fleire døgn

Nokre av pasientane har venta i fleire dagar på å bli opererte, og har derfor fasta i 2-3 døgn. – Men dette gjeld berre nokre få. Om morgonen kan det sjå ut som om dei kan bli operert same dag, men så kjem det inn pasientar med alvorlegare problem. Då må desse prioriterast, forklarar overlege Havelin.

— Alle pasientar meiner sjølvsagt at dei bør opererast først. Men at vi har for liten kapasitet generelt, er eit stort problem. For å unngå at vi kjem opp i denne typen situasjonar fleire gonger i året, må kapasiteten byggast ut, meiner Havelin.

I løpet av de siste 16 åra har talet på brotskader på Haukeland sykehus auka frå kring 1200 til 2600 i året. - Men talet på senger på avdelinga har ikkje auka, seier Havelin.

— Det ville også gjera akutte situasjoner enklare om fleire brotpasientar kunne behandlast på Kysthospitalet i Hagavik og Diakonissehjemmets sykehus.