Av Trygve Refsdal, Voss

Han skriv einsidig om eksport, internasjonal handel, bistand og gjeldslette som middel for å utvikla fattige samfunn, og vil ha ei nedbygging av norsk jordbruk for å auka handelen. Dette er eit vanleg elitesyn, med eit perspektiv ovanfrå og utanfrå. Etter dette synet kjem ikkje utvikling nedanfrå og innanfrå, men ovanfrå.

Men eksport, bistand og gjeldslette er ikkje noko sesam-sesam: Ein liten by-elite i mange afrikanske land har lang tradisjon med å gjera seg rike på eksport/import og på internasjonale transaksjonar. To av dei landa som har størst eksportinntekter, Nigeria og Angola, er mellom dei landa i verda der fattige folk har det verst, og der korrupsjonen er størst. Land med stor og ukvalifisert tilstrøyming av bistandsorganisasjonar, som Mosambik, er prega av aukande korrupsjon, og enorme klasseskilnader. Her er økonomisk vekst, men den er konsentrert til nokre få industrienklavar og til hovudstaden Maputo, der det veks opp restaurantar, hotell, butikkar og luksusbustader for den internasjonale og mosambikiske eliten, og der biltrafikken eksploderer. Fattigdomen på landsbygda er ein grell kontrast til dette. I 1999 var BNP pr. innbyggjar 1189 dollar i Maputo, mot 96 dollar i Zambezi-provinsen.

Gjeldslette kan også vera problematisk: I Mosambik har tvilsame lån til makteliten tappa sentrale bankar for minst 400 millionar dollar. Gjeldslette er neppe rett medisin i ein slik situasjon. Sett innanfrå og nedanfrå er det andre tiltak som er viktige for å skapa utvikling. For fattigfolk er det dei lokale marknadene som betyr mest. Dei er stort sett velorganiserte og korrupsjonsfrie. Dei er ikkje prega av monopol, slik handelen med fjerne land gjerne er — der fattige primærprodusentar får minimalt av inntekta. På dei lokale marknadene møtest nokolunde likeverdige partnarar, og dei er difor sjølvkontrollerande. I land der eliten, med sine internasjonale kontakter, er gjennomkorrupt, er - håpefullt nok - den lokale handelen stort sett korrupsjonsfri og rettferdig. Tiltak for å fremja slik handel er nyttige for vanlege folk på mange måtar, og er ein føresetnad for eventuell satsing på eksport. Ei einsidig eksportsatsing utan ein sterk basis i ein vel fungerande heimemarknad er hasardiøs; då er fattige leverandørar 100 prosent i hendene på ein lunefull verdsmarknad.

Det som er tragisk i dag er at import av subsidiert mat frå rike land og billeg sjøtransport no øydelegg heimemarknaden for mange fattige bønder i den tredje verda. Her er det industrijordbruket som valsar over dei svake - ikkje berre u-landsbønder, men også norske bønder. Det er eit problem eg synest Unge Venstre burde ta opp. Men først trengst meir bakkekontakt.