PER MARIFJÆREN Per.marifjaeren@bergens-tidende.no

— Du kan trygt seie at eksplosjonen vart nokre hakk kraftigare enn ungdommane hadde tenkt, seier lensmannsførstebetjent Hans Rune Strandos ved Bremanger lensmannskontor.

Fekk granatsjokk Dei to ungdommane armerte ein stor bosscontainer i stål med dynamitt, og den firkanta stålkassen stod att utan deksel og rund som ei kule etter smellet. Dei tunge ståldeksla flagra høgt til værs, og kutta blant anna av heile straumforsyninga til kaiområdet på ferjestaden Smørhamn i Bremanger.

Då 17-åringen vart pågripen laurdag, bar han tydeleg preg av at eksplosjonen hadde vore i overkant av det han hadde venta seg.

— Dei hadde ikkje rekna med at dynamitten skulle ha slik voldsom effekt, seier Strandos, som har vore med på å avhøyre den eine av ungdommane. - Sjølv om dei hadde kome seg på god avstand då det small, fekk dei granatsjokk av opplevinga.

- Guds lukke Den 17år gamle ungdommen vart pågripen laurdag kveld, medan kameraten på 18 vart henta inn av politiet søndag føremiddag.

Politiet ser svært alvorleg på saka, og meiner både dei to unggutane og eventuelle tilfeldig forbipasserande var i direkte livsfare under den eksplosive leiken.

— Det er ei guds lukke at ingen vart alvorleg skadd, seier Hans Rune Strandos. - Men det verkar som om dette har vore ein skikkeleg lærepenge.

Ungdommane brukte dynamitt som dei har frå innbrot ei tid tilbake i eit dynamittlager ikkje langt unna ferjekaien. Politiet fann restar av elektriske tennarar i nærleiken av åstaden, i tillegg til at fleire av lukene frå containaren vart funne i terrenget og i sjøen. Men den aller største luka, den som har kutta av to av kraftleidningane oppe i lufta, er sporlaust vekk.