15 ELEVAR FRÅ VIDAREGÅANDE SKULE i Hordaland har søkt betongfag i år. Betongfagklassane på Askøy og Voss er nedlagde, klassen på Stord heng i ein tynn tråd, Odda og Slåtthaug har dei einaste sikre betongfagklassane som er att i fylket. Anleggsbransjen ser krisa i kvitauget, og det burde det norske samfunnet også gjera.

Ein stor del av desse yrkesutøvarane i bygg og anlegg kjem tradisjonelt frå Bygde-Noreg, og statusen i det ny-rike, ny-urbaniserte og ny-fordumma fedrelandet har vore deretter.

I TILLEGG HAR POLITIKARANE vore med på å leggja til rette for at allmennutdanning skulle vera normen for alle framtøke gutar og jenter. Yrkesfagleg utdanning har til dels vore brukt som sysselsetjingstiltak for dei elevane som har minst føresetnader for å greia seg i den ordinære arbeidsmarknaden, ikkje nett noko lokkemiddel for dei glupingane som også trengst i desse yrka.

Heller ikkje bransjen sjølv eller fagorganisasjonane har vore nok opptekne av å gje rom og løn nok for dei ypparste fagfolka, slik at dei kunne fått den prestisjen slike yrkesutøvarar har i andre land.

DET NORSKE SAMFUNNET ER I FERD med å få den krisa vi har bede om.

Det må truleg ein kulturrevolusjon til om det også i framtida skal finnast nok norske fagfolk til å byggja vegar og bruer og hus og hytter, rekrutteringa sviktar både på planleggingssida og på utøvarsida.

Politikarar, stylistar, stå-opp-komikarar og mediefolk fortener sjølvsagt ikkje anna enn at taket dett ned i hovudet på dei og at vegar og flyplassar må stengjast på grunn av mangel på vedlikehald. Det er jo ikkje sikkert at alle dei litauiske gjestearbeidarane forstår oslodialekten, dei heller. Men det kan jo bli leit for dei gamle og sjuke som må til Spania for å halda seg tørre når det regnar i Bergen.