Nå krev byråd Nils Arild Johnsen (Sp) at vegkontoret ordnar opp. I eit brev til vegsjefen i Hordaland ber han om å få tilsendt ein plan for korleis sårbarheits— og risikoanalyser for tunnelar og bruer i Bergensområdet skal gjennomførast.

— Eg er parlamentarisk ansvarleg for beredskapsplanen i Bergen kommune. Difor vil eg vite kva som kan bli konsekvensane av ei ulykke, og kva tiltak som kan setjast i verk for å avgrense skadane, seier Johnsen.

- Har god oversikt

Det Hordaland vegkontor kan vise fram, er beredskapsplanar for alle tunnelar som er lengre enn 500 meter. Desse planane viser korleis tunnelen ser ut og er utstyrt. Dei inneheld også berekningar av kor sannsynleg det er at ei ulykke vil ramme, basert på trafikkmengde og lengde.

Det Vegkontoret ikkje har gjort, er å rekne på kva konsekvensane vil bli av ulike typar ulykker.

— Vi har ikkje laga risikoanalyser der ulike ulykkes-scenario er vurdert. Det har ikkje vore prioritert, seier vegsjef Ole Chr. Torpp i Hordaland.

Han meiner dei har god oversikt over kva konsekvensane vil bli dersom det smell.

— Det er ikkje nødvendig å gjere ein ny analyse av kvar tunnel. Dei same hendingane vil få dei same konsekvensane i ulike tunnelar, så sant trafikken er omtrent lik, seier Torpp.

Ignorerer krav

Avdelingsdirektør Finn Harald Amundsen i Vegdirektoratet slår på si side fast at ulike scenario skal vere analysert for alle tunnelar over 500 meter.

I krava til beredskapsplanar, formulert av Vegdirektoratet i «Handbok 21, vegtunnelar», heiter det at ein risikoanalyse skal vere ein av tre hovuddelar i planen.

— Dette betyr ei skildring av trusselbiletet, eit scenario, seier Amundsen.

— Kva tykkjer du om at Hordaland vegkontor ikkje har gjort dette?

— Det vil eg ikkje meine noko om. Vi følgjer ikkje opp vegkontora her, dette er deira ansvar, seier Amundsen.

Johnsen ikkje nøgd

Byråd Nils Arild Johnsen er ikkje nøgd med at vegkontoret meiner dei allereie har god nok oversikt.

— Det er nettopp scenario-analyser eg etterlyser. Dette må ikkje forvekslast med press for å få best mogleg sikring. I første omgang må vi vite kva som kan skje, og kva tiltak vi har å velje mellom, seier Johnsen.

Han viser til at andre offentlege instansar også er pålagt å lage slike analyser.

— Haukeland Sykehus er pålagt å ha det, akkurat som kommunen er pålagt å vite kva som i verste fall kan skje på for eksempel ein skule. Dette er vegkontorets ansvar, seier Johnsen, som er innstilt på å forfølgje saka i forhold til vegkontoret.