Torsdag føremiddag såg Agnar Gåserud til sauene sine. Då han kom attende fredag morgon fann han ein sau så hardt skadd at han måtte avlivast.

— Det er sannsynleg at dyret er bite av ulv, seier veterinær Helen Indrebø i Sogndal og Lærdal.

- Vil gjete sauene

Fredag kveld blei også eit lam funne med avbrote lårbein. Også lammet måtte avlivast. Først laurdag, etter at ein ekspert frå Statens naturoppsyn har sett på dyra, veit ein med sikkerheit at det var ulv som gjekk til angrep. Men fredag kveld var bønder og jegrar på ulvejakt.

Dyra er angripne berre 100 meter frå eit byggjefelt på Hermansverk i Leikanger kommune.

— Dette likar eg lite. Eg kjem til å gå i fjellet både morgon og kveld for å passe på dyra, seier Gåserud, som sleppte 135 sauer ut i marka.

Første på 50 år

For ei veke sidan starta ulvejakta i Sogn, etter at fire lam måtte bøte med livet. Dette var første gong ulv var sett så langt vest i Norge sidan 1950-talet.

Dyret vart fotografert på innmark i Leikanger, like etter at det hadde drepe fire sauer. Ekspertar meiner det er eit dyr som er utstøytt frå flokken. Siste veka er fleire sauer funne døde.

Denne veka har det vore ulvejakt i Sogn, men førebels utan at dyr er skotne.