Av Lene Tørvik

Etter press frå sauebønder får regjeringa denne jakta til å synast som den enklaste løysinga. Men den er langt frå den einaste brukbare; når me først har gjort oss til herskar over naturen, kan ein gripe inn på mildare måter.

Forsøk med gjetarhund har synt at dette er ei mogleg løysing; men ein kjem ikkje langt med slike idear dersom bøndene sjølve vantar samarbeidsvilje.

I eit land som vårt, med spreidd busetnad og relativt store villmarksområde, burde det ikkje vore vanskar med å opprette friområde for ein truga dyreart.

Hardangervidda Nasjonalpark har vore føreslegen, då ein ønskjer seg ein effektiv beskatning av villreinstamma. Men som kjent er ulven ein vandrar – og då sau er eit enklare bytte å leggje ned, ser dette ut som eit noko naivt forslag.

Personleg har eg alltid trudd at det vesentligste argument mot eit reservat måtte vere kostnadane med å setje opp ei fysisk hindring. Men ville ikkje det å setje av nokre kvadratkilometer vorte rimelegare enn denne helikopter-klappjakta som varer i vekesvis?

I eit avgrensa område vil ein bestand regulere seg sjølv til den når bæreevna.

Som toppredator har ulven ein naturleg plass, og vil som kjend ta ut dei svakaste byttedyra først, noko som gjer livskraftige stammer av t.d. hjort og elg. Ulven som art formerer seg ikkje dersom ikkje tilgangen på mat er god nok (dei lettjakta husdyra har sørga for auken i stamma på Austlandet), og ein kan ha håp om ei jamvekt i forholdet mellom predator/ byttedyr.

Det ein òg må hugse på er at ein ulv ikkje berre er ein ulv; stamma i Norden skil seg frå den lenger sør i Europa, og frå den i aust. Ein lokal, reproduserande bestand deler ein «genpool»; og er ei distinkt genetisk eining.

Vert denne utrydda får me ho adri tilbake!

Spørsmålet mitt vert då, om ikkje det å ta vare på den unike nordiske ulvestamma må setjast over fridomen til det einskilde individ? Er det ikkje betre med ulv i reservat – der han i stor grad vil kunne leve naturleg – enn ingen ulv i det heile?