Av Ole Bakkebø

Det er unekteleg litt enklare å gje seg i kast med denne skapningen enn den internasjonale turbokapitalen – sjølv om det kunne tenkast vere nærmare kjernekompetansen for økonomiprofessorar. Professor Kryvi ved UiB er så sint på sauene at han har slutta å ete dei! I andre primitive kulturar – som ifølge Nordhaug vi er ein del av – er det ofte slik at ein gjerne et opp dei ein vil til livs, som symbolhandling? For professor Nordhaug ved NHH er sauehaldet her til lands og barnearbeid i u-land i ei og same sak: Ein skal ha murt seg inne i vitenskapelege læreanstalter over lengre tid for å makte slike resonnement?

Professor Nordhaug sitt faktiske ærend er eit forsvar for ulv i Noreg. Men han går ikkje inn i den kompliserte forvaltninga av ein ulvestamme i område med folk og husdyr – det reknestykket har jo fleire variabler enn debet og kredit. På klassisk vis tek han heller snarvegen og latterleggjer sauebøndene, sauehaldet og dei «kunstig importerte og skrøpelege dyra» som ikkje greier å springe ifrå ulven! Professoren har frå sitt eksil systematisk og over lengre tid dagleg fylgt opp mediedekningen i Norge i sitt reise-tv og er storleg indignert over at verken NRK, TV 2 eller avisene har fylgt opp denne saka slik han ser den: Norsk sauehald er «diger statsfinansiert dyremishandling» – «neppe noe verre på verdensbasis». Avslutningsvis antyder han – uten å belegge det – dei alvorlege internasjonale konsekvensane denne «dyretorturen» vil få for norsk økonomi, anseelse og handelsbalanse. Mykje kan tyde på at professoren i sitt eksil er så langt sør at faren for solstikk er overhengande?

I vårt land er bruk av utmarksbeite og fjellbeite fundamentet i husdyrhaldet som fylgje av at landet vårt har tre prosent dyrka mark og at vi er eit fjelland. Vi har opparabeidd oss ein 1000-årig utmarksbeite— og stølskultur – og dette er ein viktig del av landet si nærings- og kulturhistorie – og også ein viktig del av norsk profilering utanlands. Husdyrhaldet har skapt det opne kulturlandskapet på Vestlandet. I dag oppfattar dei fleste at det er eit problem at vi gror ned i vegetasjon som fylgje av mangelfull utmarksbeiting og at mange kvalitetar går tapt. Vårt saue- og geitehald gjer seg nytte av gras og urteproduksjonen i norske fjell og utmarker – samstundes som dyra får utteljing for sine naturlege ferdselsbehov m.m. Dette sauehaldet er sannsynlegvis også det nærmaste ein kjem eit naturleg husdyrhald – kor henne i verda professoren enn måtte befinne seg. I vårt fylke er tapa på sommarbeite i overkant av fire prosent av sleppte dyr – der lammetap utgjer om lag 75 prosent. Sauehaldarane gjennomfører systematisk oppsyn med dyra gjennom beitesesongen, det er lagt ned over tusenvis av dagsverk i tilsyn, sankehegn, rydding – og det er investert i tilsynsbuer for å halde oppsyn med dyr på beite.

Det er naturleg at dyr dør – også på beite – det unaturlege er at professoren sjukeleggjer dette tilhøvet og på ein listig måte nyttar dette tilhøvet i ulvedebatten. Det er antakeleg berre i Edens hage og i professorens knoll at ulv og får beiter side om side – ingen driv husdyrhald med ulven rekande rundt hushjørna. Norsk husdyrhald har nødvendigvis også vore ein langvarig kamp mot dei store rovdyra – og dagens rovdyrsstrategi er å lage soner for å ivareta den skandinaviske ulvestammen. Ein kan ikkje – som på Jesu tid – spandere på seg hyrdar gåande rundt døgnet rundt i fjellheimen, men kanskje kunne ein NHH-professor ha godt av å ta sitt neste utanlandsopphald som hyrde for saueflokken og rekne ut si eiga timebetaling for det?