Av Idar Barstad

Vi menneske har oppdaga at ved å føre naturen vekk frå ein naturleg balanse, kan vi ofte få meir avkastning og betra forteneste. Ta t.d. framavling av sauerasar som produserar masse ull, stor foryngling, men som ikkje kan hanskast med ein norske fauna som har store rovdyr. Eller ein kan ta «skreddarsydde» kjøtfe som ikkje kan eigenhendig forplante seg til døme. Slike abnormalitetar vil døy ut utan menneskeleg innflytnad. For å halde på ein slik abnormal (og ofte økonomisk) tilstand, lyt vi regulere stader i øko-systemet m.a. i rovdyrbestandane. Ein slik regulering får igjen uforutsette fylgjer som t.d. svake stammar av hjort, rein o.s.b. Desse stammane vil kunne kollapse fullstendig fordi mennesket ikkje greier å forvalte desse stammane på ein god nok måte. Det er ikkje dei svake dyra som ryker fyrst på hjorte— og reinjakt. Dei som trur det, lev i ei uvirkeleg verd. Jaktinntektene til vestlandsbøndene har auka mykje dei seinare åra og jegarane som betalar i dyre domar, vil ha att i form av trofé og kjøt.

Ofte er det næringsinteresser som krasjar med naturinteresser. Dels er det slik i ulve-debatten òg. Ulv tek vilt (som gjev jaktinntekter) og buskap som ikkje er teke vare på. Utfrå slike interesse-kollisjonar kjem det gjerne kompromiss som ikkje tenar nokon: Stortingsvedtekne verneområder som det tek ti år å opprette, som igjen gjev tomme fuglereservat og upassande kjerneområder for store rovdyr. Naturen er dynamisk og ingen kan forutsjå den i detalj, og soleis kan ikkje noko slikt stortingsvedtak vere tufta på velfundert materiale. Ein har gjort eit vedtak på noko som ein ikkje burde gjere eit vedtak om. Kanskje passar det best med rovdyr på Vestlandet? eller kanskje alle stader? Det kan ein berre ikkje forutsjå. Å tru at ville dyr skal finne seg i retteliner som er gitt av Stortinget, er hån mot naturen sin evne til å rette opp ubalanse.

Vedrørande ulv, så meinar eg at ein bør jage ulv, men ikkje utifrå detaljerte retteliner som er gjort i Stortinget, men utifrå eit perspektiv om at ein vil ha ein biodiversitet som inkluderar store rovvilt. Ein bør jage ulv slik at ulven lærer at mennesker er farlege. På den måten vil ein uforstyrra kunne ha buskap som er teke vare på. Den buskap (t.d. sauerasar) som ikkje kan innordne seg etter dette, må vi kvitte oss med.

Ein viktig del av ein naturoppleving er det uforutsette, det overraskande. Denne kvaliteten ved ein naturoppleving bør ikkje stortingsvedtak ta frå oss.

For då kan vi like gjerne gå i ein dyrehage. Dette kjem frå ein tidlegare sauebonde og naturelskar.