Jon Lilletun, KrF

Å sikre ei berekraftig utvikling for lufta, jorda og havet, er ei av dei viktigaste oppgåvene for Kristeleg Folkeparti. Også generasjonane etter oss må få gleda og sjansen til å nyte ei rein luft og eit reint hav. Dei norske havområda er i dag blant verdas rikaste og reinaste, men forureininga aukar. Me har eit stort ansvar for å ta vare på våre kyst— og havområde med den fantastiske dyre- og fuglebestanden som lever der i dag. Det er Noreg sitt ansvar å forvalte desse ressursane på ein berekraftig måte, men det kan berre bli gjort i samarbeid med andre land og aktørar. Miljøutfordringane kjenner inga grenser. Kristeleg Folkeparti er svært oppteken av å verne miljøet langs kysten. Det er urovekkjande at atomavfall og skipslast med store mengder olje og radioaktive stoff blir frakta nær vår norske kyst, og at det er ei auke av transporten av miljøfarleg last langs kysten. Berre i fjor passerte over 200 russiske oljetankar og båtar med farleg og forureinande last langs norskekysten. Ein ny oljeleidning frå Sibir til Murmansk vil kunne auke oljetrafikken ytterlegare. Uroa for ulukker med desse skipa skapar frykt for forureining av havet og kysten. Risikoen for ulukker er svært liten statistisk sett, men faren for forlis og ulukker er alltid til stades. Me må ta med i risikovurderinga det faktum at Norskekysten nordover vinterstid er eit av dei mest vêrharde områda i heile verda. Ulukkene med «John R» og «Green Ålesund» og den nylege katastrofale ulukka på spanskekysten, viser kor viktig det er med god beredskap dersom ulukka skulle vere ute.

Regjeringa har foreslått ulike tiltak for å møte denne trugselen. Utvidinga av territorialfarvatnet frå fire til tolv nautiske mil, er eitt av desse tiltaka. Utvidinga av territorialfarvatnet er eit tiltak Kristeleg Folkeparti meiner er svært viktig, og det er derfor gledeleg at eit stort fleirtal i Stortinget nyleg gjekk inn for denne endringa. Regjeringa sitt forslag til tiltak er berekraftig og framtidsretta! Det er eit førebyggjande tiltak som er med på å tryggje kysten vår og det maritime miljø, og til å bevare vår reine kyst og rike hav. Innanfor territorialfarvatnet har Noreg suverenitet, og farleg skipstrafikk kan bli tvinga til å segle lenger ut frå kysten. Ei utviding gir betre mogleik for kontroll av utanlandske skip. Endringa vil føre med seg at norske myndigheiter får høve til å peike ut seglingsleier i større avstand frå kysten for skip med stort skadepotensial. Noreg kan etablere påbodne skipsleier og trafikkseparasjonssystem.

Den internasjonale utviklinga pregar Noreg meir i dag enn før. Ikkje berre trugselen mot miljøet må møtast med både nasjonale og internasjonale tiltak, det gjeld òg kampen mot fattigdom, kriminalitet og narkotika. Kristeleg Folkeparti ser det derfor som positivt at ei utviding av sjøterritoriet og etablering av tilstøytande sone vil gje større mogleik til å hindre internasjonal narkotika- og menneskesmugling via sjøvegen. Såleis er vårt nasjonale tiltak med på å møte internasjonale utfordringar!