Tekstprofessor Kjell Lars Berge ved UiO jublar i eit intervju i Bergens Tidende 7.4.03 over at UiO får eit nytt professorat i sakprosa. Seinare i intervjuet kjem Berge med følgjande utsegn: «Kan vi få et retorisk studium, knyttet opp til sakprosaen, vil HF-fakultetet få et nytt bein å stå på. Noe slikt har vi aldri hatt i Norge, hvilket gjør oss ganske unike i negativ forstand.» Dette er ei oppsiktsvekkjande utsegn sett mot det faktum at tekstprofessor Berge i perioden 2001-2002 sjølv var med på å planleggje eit studium i retorikk og språkleg kommunikasjon på HF-fakultetet ved UiO. Dette studiet ligg ved Institutt for lingvistiske fag. Det vart sett i gang med eit grunnfag i fjor haust, og det inngår med emnegrupper på 40 og 80 studiepoeng i det nye studieprogrammet i språk som startar opp ved HF hausten 2003.

Berge treng derfor ikkje vere uroa for at det vil mangle retorisk perspektiv på BA-nivået. Men redaktøren i BT burde nok be alle journalistane om å sjekke saksopplysningar i staden for ukritisk å referere berre ei kjelde.

KRISTIAN EMIL KRISTOFFERSEN,

PROFESSOR/VISESTYRAR, INSTITUTT FOR LINGVISTISKE FAG,

UNIVERSITETET I OSLO