Regelmessige ruter kvar halvtime om morgonen, Kvar time heile dagen og annankvar time om kvelden fram til 23.10-bussen. Dette forandra seg som me veit, og noko har me måtta godta som følgje av nye busetnadsmønster og aukande bilbruk.

Men det er mykje me ikkje kan godta, og me har bladd opp i kvart einaste nye rutehefte med uro og sut i mange år no. Mest kvar gong har me mist noko.

Men den genistreken Gaia har kome på denne gongen, hadde me likevel ikkje vore pessimistiske nok til å kunna tenkje oss på førehand:

Rute nr. 553 til/frå Grimseid-Blomsterdalen har hatt åtte avgangar til byen pr. dag dei siste åra, og sju frå byen. No er dette stroke. Men for at det ikkje skal sjå for ille ut, står 553 i ruteheftet framleis. Men berre til og frå Lagunen. Der er det eitt lite busskur på kvar side av vegen, og derifrå tek ikkje Gaia noko ansvar for oss lenger. Til byen kjem me oss, trass i ei merkbar forverring i høve til før (Lagunen skal, som me ettertrykkjeleg har fått vita det, ha avgang kvart kvarter, og korrespondansane skryter Gaia av å ha fjerna for at alt skal gå så meget betre). Men heim att har me ingen bussar lenger på 553.

Sist eg reiste den vegen, tok eg ein 20-buss som hadde fem minutt margin på Lagunen — etter ruta. Då eg skjøna at bussen eg sat i ville ha vansker med å nå dette, varsla eg sjåføren, som varsla bussen på Lagunen, som så venta tre minuttar på meg. Men ikkje utan å lata meg få vita at dette var siste gongen han gjorde. Korrespondansen var teken bort, det fekk me sjå til å retta oss etter. Ventetida til neste buss ville ha vore ein time og ti minuttar. Hadde det vore 17.40-bussen frå Lagunen eg hadde mist, ville eg ha måtta venta i skuret på Lagunen til neste morgon kl. 8.35 for å koma dit eg skulle.

Dette kallar Gaia for å ha «klart det uten rutenedlegginger». Det er ikkje sant. Eg bed dykk om å setja opp att 553-rutene, i alle fall frå byen. Med forpliktande korrespondanse på Lagunen, (om de no ikkje vil velja å lata oss sitja i bussen heile vegen, som betaling for tort og svie etter slikt eit svik).

Det er ufyseleg å vera vitne til den digre reklamejippoen Gaia har sett i gang denne gongen, med klokke og blid sjåfør i startgropa - og kunden i sentrum.

Gaia tener ikkje dei trufaste brukarane. Dei gjer som ei ny tidsånd har legitimert - dei tek frå dei som lite har, og gjev til dei som har rikelig frå før. Var det nødvendig å forverra det skrale busstilbodet mange av oss i dei perifere delane av Fana hadde for at Nesttun-folka skulle få sleppa å måtta sjå i ruteheftet? Også eg tykkjer at Gaia burde skjemmast.

FRØYDIS STORAAS,

YTRE MIDTUN