For at innbyggjarane i desse to fylka skal vera sikra ei god akuttbehandling ved alvorlege ulukker og sjukdom, er det nødvendig med kort veg til sjukehus. All erfaring syner at det som avgjer om du overlever eller ikkje, er tida det tek frå ulukka skjer til du når fram til sjukehuset. For å få til dette, er det nødvendig med geografisk spreidde småsjukehus. Dei må ha tilgang på anestesilege, kirurgar og indremedisinarar. Dette har me hatt ved småsjukehusa i Florø, Lærdal, Nordfjordeid, Odda, Stord og Voss.

Nedbygging av akuttberedskapen ved desse sjukehusa vil få store ringverknader. Ikkje berre innbyggjarane som soknar til desse sjukehusa vil få dårlegare akuttmedisinsk behandling, men også sårt tiltrengte turnusplassar og stillingar for legar som er under spesialisering vil gå tapt. Det hjelper lite på legemangelen i distrikta at talet på studieplassar for medisinarar vert dobla, når dei ikkje får fullført turnustenesta si på grunn av at turnusplassane ved småsjukehusa vert avvikla.

Det er lite pasientvenleg å sende folk ifrå Årdal i Indre Sogn til Bergen eller Førde for å få eit beinbrot behandla og seinare følgt opp til brotet er lækt. Kva vert den samfunnsøkonomiske gevinsten ved eit slikt val?

Gode vegar kortar ned reisetida — men - været og rasutsette vegar er det lite styret i Helse Vest og politikarane våre kan gjere noko med.

EIRIK VIKANE,

PÅTROPPANDE FØRETAKSTILLITSVALT YLF, HELSE BERGEN