Mange har sikkert opplevd å få medisinreseptar der iallfall underskrifta er heilt uleseleg. Men der apoteket klarer å finne fram til rett medisin, er det andre som har større problem med å tyde kråketærne på papiret frå legen. For eksempel ein pasient i Nordfjord, som først etter fleire forespørslar gjennom advokat fekk tilgang til sin eigen journal. Men journalen var til lita nytte då den omsider kom. For korkje pasienten eller advokaten hans klarte å få særleg meining ut av krusedullane som stod på dei handskrivne arka. No har advokaten klaga saka inn for Fylkeslegen i Sogn og Fjordane. Pasienten hadde behov for å dokumentere sjukehistoria si i samband med at han skulle søke om ei yting frå trygdeetaten. Han meinte at legejournalen kunne vere til hjelp for å fastslått ein yrkesskade. Men til lita nytte, ettersom deler av det handskrivne materialet ikkje let seg tyde. — Normalt er ikkje dette med legehandskrift noko stort problem, fordi dei aller fleste primærlegar i Norge har gått over til å føre slike dokument på pc, seier fylkeslege i Sogn og Fjordane, Petter Øgar. - Problemet ligg både i sjølve handskrifta, men også i det faktum at slike journalar uansett kan vere vanskelege å forstå for lekfolk. Språket er jo prega av medisinske og delvis latinske uttrykk og vendingar, og kan vere komplisert å forstå sjølv om skrifta i seg sjølv er tydeleg og grei. No vil Øgar sjølv granske dei omtvista journalane, først å fremst for å tyde korvidt dei i det heile kan innehalde opplysningar som har relevans for klagaren. - Vi må finne ut kva type informasjon pasienten er ute etter, og deretter er det kanskje mogeleg å seie om slike finst i journalen, seier Øgar. - Poenget for oss er at pasienten får ut dei medisiske opplysningane han treng, om dei finst i denne journalen. Vi vil ikkje starte nokon formell diskusjon mellom lege og pasient om dei problema som har oppstått.