Kari Pedersen Aslaug Eide og Tove Grønner(fakta)

Lærarmangelen er eit distriktsproblem, sjølv om skular Bergens Tidende har vore i kontakt med meiner situasjonen har betra seg dei siste åra. I Bergen er det nesten utan unnatak nokre få spesialskular som har lærarar utan pedagogisk utdanning i staben.

Gamle lærarar På papiret skal det ikkje lenger vere lærarmangel i Noreg. I praksis er det framleis vanskeleg å finne kvalifiserte søkjarar for mange utkantskular. Og i løpet av dei næraste 10-15 åra må det skaffast 40.000-50.000 nye lærarar til grunnskolen og dei vidaregåande skulane. Snittalderen på norske lærarar er mellom dei høgaste i OECD-området. Og berre sju prosent av lærarane står i yrket til dei når 67 år.

— Lærarmangelen kan fort bli verre enn no. Det blir vanskeleg å erstatte så mange lærarar, trur Laila Fossum, nestleiar i Lærerforbundet. Høgare løn, betre arbeidsmiljø og etterutdanning må til om det skal rekrutterast nok lærarar, meiner forbundet.

Nødløysinga heiter ufaglærte. Ofte dugandes folk frå lokalmiljøet. Men òg ungdom på gjen-nomreise. Kollegaene, skuleborna og foreldra må sjå lærarar kome og dra ý år etter år. U-faglærte får ikkje fast jobb.

Dei som blir verande, kan risikere å stå utan arbeid den dagen ein nyutdanna lærar søkjer jobb. Eller den dagen skulen vert lagd ned.

Brukt og vraka Det skjedde med Elin Forland som har vore lærar ved Stolmen skule i Austevoll sidan 1989. Nokre år i 30 prosent stilling, eitt år som klassestyrar. I juni vedtok kommunestyret endeleg å nedleggje Stolmen skule.

Kollegaene har fått tilbod om arbeid ved andre skular. Elin Forland har berre fått eitt tilbod: ny vaskejobb ved ein annan skule.

— Korleis kjennest det når du trass i alt har arbeidd som lærar i 12 år og får gode attestar frå rektor ved Stolmen?

— Eg kan ikkje klandre andre for at eg ikkje har utdanning. Men det har vore bruk for meg i alle desse åra. Eg har vore god nok å ha, sjølv om eg ofte fekk tilsettingsbrev så seint som i oktober og løn først i november.

Rektor og kollegaer ved skulen har teke vel imot henne, men kommunen har behandla henne utelukkande som billeg arbeidskraft, føler Elin Forland.

No tar ho fatt på lærarutdanning. Sjølv om trusselen om skulenedlegging heng over fleire skular i Austevoll og trongen for lærarar krympar.

Situasjonen betra Sjølv om bortimot halvparten av dei små skulane rundt om på Vestlandet har ufaglærte læra-rar, har situasjonen betra seg. Det fortel mellom anna rektor Geir Nygård ved Skavøypoll skule i Vågsøy.

— Situasjonen er blitt fantastisk mykje betre. Den desentraliserte lærarutdanninga har snudd opp ned på biletet, meiner Nygård.

I fjor starta Skavøypoll skuleåret med 5 nye av 15 lærarar. Større gjennomtrekk enn rektor set pris på.

Til hausten har Geir Nygård berre to ufaglærte lærarar i staben ý og begge er under utdanning. No reknar rektor med at den tida er forbi at ein tredjedel av staben var fersk kvar haust.