Av Johannes Rydland

Det har tydelegvis gått til hovudet på enkelte leiarar. Maktarrogansen, dobbeltmoralen og trua på enkle, primitive løysingar er skremmande. I staden for å gjera noko med den store hatskaparen i verda, konlikten mellom jødar og palestinarar, så er dei villige til å skapa meir hat og øydeleggjing.

Dei er villige til å bryta ned autoriteten til FN, og såleis riva ned det vi har prøvd å byggja opp sidan 2. verdenskrigen. Skremmande er det at «cowboyjustisen» kjem tilbake i verdssamfunnet der den som har makta og har retten.

Skremmande er det òg at det vert produsert falske bevis for at krig er nødvendig, og at USA kjøper seg venner ved å gje dei nokre nevar dollar. Blair treng berre eit klapp på skuldra så er han klar som «rævediltar».

Kvifor skal ikkje Israel og etterleva FN sine resolusjonar? Nei , dei er vener med Gud og Bush og då ser det ut som det er andre reglar som gjeld. Dei har makta og trur dei har retten.

USA skremmer meg. Er det Libya, Cuba eller Tyskland som står for tur neste gong?