debattAv Sjur Didrik Flåm

For mine observasjonar (BT 02.03.) får eg institusjonell harme frå NORAD ved direktør Tove Strand (BT 08.03). Ho finn at eg gjer meg lystig over direktoratet. Det evnar eg ikkje. Eg ventilerer berre litt vemod over enkelte tiltak og prioriteringar der (og her).

Strand hevdar at «alle utenlandsstudenter som finansieres av NORAD, reiser tilbake til hjemlandet etter fullført utdanning. Alle!» Eg torer gjenta at ingen, absolutt ingen! av mine seks afrikanske studentar har vendt heim. Alle desse hadde svært god, norsk studiefinansiering. Alle! Så noko skurrar. Har statens store sjel og lekam problem med koordinasjon og informasjon? Eller har Strand tunnelsyn? Eller forsvinn problemet pr. definisjon ved at dei «som ikke reiser hjem igjen, har ingenting med verken bistand eller NORAD å gjøre?»

Strand, som utan nemneverdig frisinn eller tvil finn meg svært fordomsfull og professoral, trøystar seg med ei positiv nederlandsk evaluering. Er den levert av same gruppa som eg trefte i Zimbabwe? Dei kjem alltid til Afrika når vinterskodda dekker heimlandet. Vurderte evalueringsteamet også reisekostnadene? Eg har eit framlegg til Strand og NORAD: La mottakande utviklingsland betala ein prosent av utlegget, eller litt mindre, og la respektable miljø der bestemma samarbeidsform og fagleg fokus. Dersom norsk kvinne— og kjønnsforsking då kjem høgst i korga, så for all del.

Strand les dårleg: Ho fortel at «Flåm synes det er latterlig med kvinnerett i Zimbabwe». Det gjer eg ikkje. Eg understrekar ganske enkelt at landet må styrast med lov før særskilte rettar kan sikrast.

Strand meiner at «kvinnene i det østlige og sørlige Afrika som mangler retten til å eie og dyrke eget land, har antakelig viktigere ting å stri med enn at det sitter en professor i Norge» osv. Dette nokså djupe resonnementet har ho heilt rett i, men ikkje i etterfølgande påstand at eg «ler av at afrikanske advokater profesjonaliserer seg på å gjøre noe med deres egentlige problemer». Tvert imot, eg blir alvorsam, ofte noko skeptisk, når NORAD framhevar kvinner og «deres egentlige problemer» som grunn for sine tiltak. Alvorleg vart eg òg då ein sentral person i NORAD-prosjektet Women and Law var tilknytta kommisjonen som forrige vår la fram det illgjetne utkastet til ny grunnlov i Zimbabwe. (Endringane ville utvida Mugabes fullmakter. Heldigvis vart vanlege folk redde og stemte mot.)

Forventa pryl får eg også av kvinnekollektivet Haukanes, Solheim, Van den Bergh og Wærness, alle ved Senter for kvinne- og kjønnsforsking UiB (BT 09.03.). Eg kunne nok ønskja meg betre svar med svakare institusjons- og flokkpreg. Denne gruppa skriv at eg «formidler et syn på afrikanere som vi trodde var forlatt da kolonitiden var over». Eit slikt samordna masseslag under beltestaden bøyer eg meg for, svært spontant og heilt ned til marka, men ikkje av respekt. Slaget gjer meg mållaus så eg kan ikkje - og ønskjer ikkje - svara. Desse figurane demoniserer kritikk, men vil samtidig, på deira eige senter, gjerne gi meg «en dypere forståelse» i forhold som alle forstår utan vidare. Nei takk! Eg tar ikkje imot tilbodet. Dette talekoret - som meiner å forvalta økonom og nobelprisvinnar Sen sine innsikter, utan eigen bakgrunn i økonomi - det festar eg ikkje lit til.

Eg vil heller lesa Karin Ask sitt gode innlegg ein gong til (BT 11.03.). Ho synest faktisk å skjønna tvilen mellom mine linjer, den som plagar meg, nemleg: Er høgare utdanning (spesielt) effektiv u-hjelp? Eg lurer litt på det. Norsk historie tilseier at ein god folkeskule bør koma først og fremst. Det har ikkje Zimbabwe. Om eg no undertrykker første tvil, så oppstår raskt nummer to: Bør høgare utdanning av utvalde afrikanske studentar absolutt gjennomførast i Norge? Mykje tyder på at lokal innsats er betre. Og endeleg, om eg også slår ned tvil nummer to, så sprett ein tredje gnagar kvikt opp: Er kvinne- og kjønnsforsking verkeleg det afrikanske stipendiatar bør studera i Norge? Og i så fall, er då feministane - med sitt særskilte forhold til metode og generalitet - best i å tappa frå kunnskapens kjelder?