• Vi må gå inn og ta ansvaret for desse ungdommane. Vi håpar at dei ikkje blir skadelidande, seier barneverndirektør Arne Andersen.

Fylkeskommunen hadde tysdag eit krisemøte med dei 14 familiane som har hatt ungdom buande hos seg på oppdrag frå Kuba AS.

— Vi har sagt at vi ønskjer å ta over avtalene dei har hatt med Kuba AS fram til sommaren, slik at kontinuiteten blir sikra. Vi ventar no på attendemeldingar, seier Andersen.

— Korleis kunne de hamne i denne situasjonen? De har jo visst om problema i selskapet lenge?

— Det kom overraskande på oss at dei tilsette sa opp jobbane sine. Det viktigaste for oss har heile tida vore at ungdommane har hatt det bra.

— Men de har jo sjølve kome med hard kritikk av drifta i ein evalueringsrapport?

— Vi har følgd nøye med, og tatt opp dei kritiske punkta med selskapet. Eg meiner vi har vore påpasselege og gjort ein god jobb, seier Andersen.

Barne- og familiekontoret har enno ikkje fått attendemelding frå familiane på om dei framleis ønskjer å ha ungdommane buande hos seg.

Det er til sjuande og sist kvar enkelt kommune som har ansvaret for ungdommane som har budd hos Kuba AS.

— Eg skal ikkje leggje skjul på at Kuba AS er eitt av dei tiltaka vi har sett flest spørsmålsteikn ved, seier barnevernsjef Jan Helge Ringstad i Åsane bydel. Han fekk Kuba-krisa i fanget rett før jul.

— Eg ønskjer ikkje å seie så mykje om kritikken vi har kome med. Men vi har blant anna innvendingar mot kor mykje tid som har vorte brukt på kvar enkelt ungdom, såpass kan eg seie, seier Ringstad. Åsane bydel hadde ved årsskiftet tre ungdommar plassert hos Kuba.

— Desse må vi no vurdere å få over i andre tiltak, seier Ringstad