Ein bonde i Ryfylke vann to millionar i Lotto. Han vart spurd om kva han no skulle gjera, og svara: «Eg får vel driva garden så lenge pengane rekk». Det burde vera eit høveleg apropos til sjokkmeldingane om at ein norsk gjennomsnittsbonde vil måtta ut med 25.000 kroner i året for å driva gardsbruk når denne WTO-runden er over.

Det har vore avsagt så mange dødsdommar over den norske bonden at ingen trur på dei lenger. Det er det heller ingen grunn til. Tabloide oppslag om den endelege død over norsk landbruk er grovt misvisande, endå om landsbruksminister Lars Sponheim fyrer oppunder så godt han kan. Han har sine grunnar. For no er det Verdas handelsorganisasjon (WTO) som med god grunn kan gjerast til syndebukk for elendet, og for ein norsk landbruksminister kan det løna seg å ta hardt i. Desto meir laurbær kan han hausta når det viser seg at dei dystre spådommane ikkje heilt slo til. Då vil Lars Sponheim framstå som mannen som berga restane av ein norsk jordbrukskultur.

Uruguy-runden var verst

Grunnlaget for dagens dramatikk vart lagd i den såkalla Uruguy-runden frå 1986-94. Vi merka ikkje så mykje til han i praksis, men det var då WTO fekk gjennomslag for prinsippet om å avvikla dei høge tollbarrierane som står i vegen for ein friare handel med matvarer. Det førte til at mange land — deriblant Noreg - oppretta nokså høge tollmurar på dei fleste landbruksvarer. Så såg ein føre seg ein gradvis nedtrapping over relativt lang tid. Den tid, den sorg.

Men tempus fugit - tida flyr - og no er vi inne i ein ny runde. No skal prinsippa frå Uruguy-runden gjennomførast, og då tek det til å røyna på for bonden i Sunnfjord eller indre Hardanger. Vi snakkar om så store reduksjonar i tollsatsane at til dømes kylling, egg, storfekjøt, poteter og ei rekkje grønsaker av utanlandsk opphav kan fortrengja norskproduserte varer i butikkhyllene. I den grad norske bønder skal hengja med i konkurransen må dei setja ned prisen.

Det som forhindrar katastrofen (for norske bønder) er at norsk mjølk framleis blir einerådande på marknaden. Sauebøndene kjem også relativt godt ut. Truleg vil også norsk svineproduksjon overleva.

Herren frå Hongkong

Kven er det som styrer denne viktige prosessen? Jau, det er ein herre som heiter Stuart Harbinson og kjem frå Hongkong. Der har dei smått med landbruksproduksjon. Men det Mr. Harbinson manglar av kunnskap om landbruk tek han att som driven diplomat. Og med stor sans for diplomatisk logikk har han plassert sin utgangsposisjon om lag midt mellom dei ytterleggåande amerikanske krava og dei meir moderate frå EU-hald. Eller kanskje litt nærare USA? Somme meiner det. Litt skal USA ha att for supermaktstatusen. På den andre sida - manglande innsikt i landbrukspolitiske realitetar kan gjera at Mr. Harbinson går på eit lite nederlag.

I tillegg kan USA ha undervurdert viljen i WTO, med sterk støtte frå EU og fleire andre viktige WTO-land, til å imøtekoma u-landskravet om nulltoll-prinsippet. Det vil særleg råka den amerikanske mjølke- og peanøtt-produksjonen. Då blir tidlegare president Jimmy Carter hugstur.

Leif Forsell, direktør for Norsk Institutt for landbruksøkonomisk forskning (NILF), meiner Mr. Harbinson ikkje forstår at det i utsette land som til dømes Noreg, Sveits og Japan finst ein sterk politisk vilje til å oppretthalda eit nasjonalt landbruk. Kanskje har Forsell rett. Dette får vi fasit på etter kvart som dragkampen i Geneve går vidare.

Minus 25.000 for å driva gard

Direktør Forsell stadfestar at Mr. Harbinsons framlegg vil føra til at ein norsk gjennomsnittsbonde vil gå med 25.000 kroner i underskot pr. år dersom det blir gjennomført over natta. Men slik blir det ikkje.

For det første trur Forsell at enden på visa kjem til å likna meir på EUs krav enn på Harbinsons framlegg. Det hjelper - sett frå ein norsk bondes synspunkt - ein god del. Men skjermingsstøtta - skilnaden på norske prisar og prisane på verdsmarknaden - ligg utsett til. Kva verkemiddel har norske landbrukspolitikarar då å leika seg med?

Jau, dei kan gjera tilpassingar i det som heiter blå støttegruppe, som gjeld arealtilskot og tilskot pr. dyr. Det meiner Forsell er mogeleg. I tillegg har vi grøn støttegruppe, som er såkalla produksjonsnøytrale tilskot. Her er det også råd å endra praksis. I tillegg kan det tenkjast at tilskotsordningar kan flyttast frå blå gruppe og over i grøn - utan å koma i strid med WTO-regelverket.

Skilnad på EU og WTO

Somme har spekulert over om WTO no går så drastisk til verks at vi - med tanke på framtida for norsk landbruk - like gjerne kunne gå inn som fullt EU-medlem. Det avviser Leif Forsell. Det er stor skilnad på eit WTO-regime som gir oss rett til tollsatsar som sikrar ein norsk landbruksproduksjon og eit EU-medlemskap der vi skal konkurrera fritt med danske fleskeprodusentar og belgisk blå.

No får vi gjennom WTO-runden i Geneve ein landbrukspolitikk som set ytterlegare fart i omstillinga - og avviklinga - av norsk landbruk. Det kan bety ei halvering frå vel 60.000 til rundt 30.000 bruk om 8-10 år. Dramatikken ligg i ein kraftig desimert bondestand, fordi landbruksarealet i drift ikkje minkar tilsvarande. Men vi må læra oss til å leva med eit kulturlandskap som gror att. Når bonden dreg seg tilbake er det skogen som er på offensiven.

KULTURLANDSKAP I FARE: WTO-runden i Geneve vil setja ytterlegare fart i omstillinga i norsk landbruk, og når bonden gir opp er det skogen som tek over. FOTO: ? ?