Snøggbåten klappar til kai i Skånevik i regnvêr. På kaien ventar ei lita dame med ein raud sykkel. På styret heng posar med julegåver. Human-etikarar feirer jul med presanger, men ikkje med kristne symbol.

— Me kallar det vinterfest, forklarar Anne Hilde Hagland på veg til kaféen der me skal møta dottera.

Anne Hilde Hagland er fortvila over at dottera ikkje får fritak for den kristne religionspraktiseringa ved Skånevik skule.

— Eg som verken har døypt ungane mine eller teke dei med til kyrkje, meiner eg har rett til livssynsfridom. Dei som kallar seg kristne seier at me kjem nok springande til korset viss ulukker eller sorg rammar. Sonen min døydde heilt uventa 22 år gamal. Han blei gravlagd borgarleg. Eg meiner me har bevist kven me er, seier Hagland.

Obligatorisk gudsteneste

Fire dagar i veka må elevane i klassen til Yngvild stå ved pultane og syngja salmar og be.

— Eg har tatt dette opp med både klasseforstandaren og med læraren som ber med elevane. Læraren meinte ho hadde rett til å be, seier Hagland. Hagland kontakta så rektor ved Skånevik skule.

— Han var ikkje viljug til å diskutera saka med meg. Då eg spurde etter fritakspapir, fekk eg beskjed om at dei brukte ikkje slikt i kommunen. Han sa óg at det ikkje er elevane som bestemmer kva me gjer i timane, seier Hagland.

I førre veke kom bjørgvinbiskop Ole D. Hagesæther på visitas i Etne kommune. Då var det familiegudsteneste med obligatorisk frammøte for elevane.

— Dottera mi sa til læraren at ho ikkje gjekk i kyrkja. Ho kom heim og fortalde at læraren hadde sagt at me var til stades i kyrkja under ei gravferd nyleg. Det er forferdeleg at det blir brukt mot dottera mi. Me gjekk for å visa ein gammal mann respekt, og det var andre gong Yngvild var i ei kyrkje i heile sitt liv, seier Anne Hilde Hagland.

Rektor ved Skånevik skule, Arild Stenberg ønskjer i utgangspunktet ikkje å kommentera saka.

— Me er i dialog med mor og dotter og skal ha eit møte med dei. Han stadfestar at skulen har fritakspapir, men at dei ikkje har vore i bruk ved skulen tidlegare.

— Papira har me, og eg skal ikkje nekta nokon å bruka dei, seier Stenberg.

— Kva vil du sei til læraren som ber med elevane?

— Eg kjem aldri til å be læraren slutta med det. Viss det blir for tøft for nokon, får me finna andre opplegg for dei, seier Stenberg.

- Ikkje forkynnande

Familien flytta frå Skånevik for fire år sidan. Den gong måtte Yngvild stå på gangen under morgonbøna, etter mora sitt ønskje. Dei siste åra har dei budd på Røvær nær Haugesund. Der fekk jenta fritak for gudstenester og bøn utan noko problem. I sommar flytta dei attende til Skånevik.

— Eg har ikkje lyst å gå på ut på gangen når dei andre ber. Læraren er veldig snill, men det er denne bøna. Eg har mest lyst til at me kuttar det ut, seier hovudpersonen sjølv.

Ved Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland høyrer dei sjeldan om slike saker lenger.

— Sjølv om føremålsparagrafen er kristen, skal ein likevel respektera andre religiøse minoritetar. Skulen og KRL-faget skal ikkje vera forkynnande. Barn skal kjenna til kristendom på lik line med andre religionar, seier assisterende utdanningsdirektør Alf Pedersen.

Han kommenterer obligatorisk oppmøte på skulegudsteneste slik:

— Det å krevja deltaking på ei gudsteneste, skal ein vera veldig forsiktig med. Det kan lett oppfattast som eit overtramp for den enkelte.

BER OM FRITAK: Human-etikar Anne Hilde Hagland ønskjer at dottera sjølv skal få bestemma om ho vil høyra til ein religion eller ikkje. Ho føler ho ikkje blir respektert ved Skånevik skule i Etne der dottera må delta i kristen bøn og salmesong.<p/>FOTO: LENA VERMEDAL