Nationen har innhenta tal som tyder på at området som soknar til vegstasjonane i Bergen, Knarvik og Voss fyljer nærast Oslo på værsting-toppen, men Sigfred Sivertsen ved Voss og Hardanger distriktsvegkontor kjenner ikkje att tala.

I overkant

— 40 prosent stryk kan eg ikkje gå god for. Det verkar å vera i overkant, seier Simensen til Bergens Tidende.

Han er den som i fjor hadde administerte førarprøvene for denne delen av dåverande Hordaland Vegkontor sitt område. Men tala vil han ikkje ha klare før ved månadsskiftet.

— Førebels tal kjem ikkje frå meg. Eg har rett og slett ikkje summert og rekna prosent enno, seier Simensen, som frå årsskiftet styrer med Voss og Odda.

Nationen fortel at heile 50 prosent av kandidatane i Oslo strauk på teoriprøven, 43 prosent på den praktiske prøven. I Bergen, Nordhordland og Voss strauk 41 prosent i teori og 40 prosent under oppkøyring.

S år tvil om tal

Men tala vert trekte i tvil.

Strykprosenten vert rekna i høve til gjennomførte prøver, ikkje av talet på kandidatar. Kandidatar som stryk fleire gonger, dreg opp prosenten. Talet på personar som har stroke (ein eller fleire gonger) blir såleis lågare.

— Dette er eit poeng som enkelte sjåførlærarar er opptekne av. Får dei eit par elevar som stryk fem gonger kvar, ser det ille ut i deira statistikk, seier Sivertsen.

Det er lansert framlegg om at sjåførlærarane skal førehandsvurdera om kandidaten er klar for førarprøven. I dag er det lov å prøva seg så sant 9,5 timar med obligatorisk undervisning er gjennomført. Det gjeld landevegskøyring, forbikøyring, mørkekøyring og glattkøyring. Dei må også bestå ein teoretisk prøve. Dei fleste går på teorikurs først, men det er ikkje obligatorisk. Mykje av trafikkopplæringa går i dag føre seg i L-merka privatbilar.

— Har ein god vegstasjon høg eller låg strykprosent?

— Det viktigaste er å sikra at bilførarane som vert sleppt ut i trafikken ikkje er til stor fare for seg sjølv eller andre. Men elles er det sjølvsagt hyggeleg at kandidatane melder seg opp når dei er godt førebudde, slik at vi slepp å stryka nokon. Det blir også rimelegare for kandidatane.

Skilnad?

— Er det stor skilnad på sensorane?

— Vi tillet avvik på fem prosent frå gjennomsnittet før det er aktuelt med korrigerande tiltak. Den strengaste kan med andre ord stryka om lag ti prosent fleire kandidatar enn den «snillaste». Men hugs på at ein sensor kan vera uheldig og få fleire «håplause» kandidatar enn andre, presiserer Sivertsen.

Han meiner at dei nye teoriprøvene, der fleire svaralternativ kan vera rette, er betre enn dei gamle som innbaud til bruk av eliminasjonsmetoden.

«Sei ifrå»-aksjonen får mykje av æra for låg strykprosent på oppkøyring i Sogn og Fjordane (25-30 prosent), men rundt 40 prosent stryk på teoriprøven også i dette fylket. Fjordfylket si sterke prioritering av ungdomsretta arbeid for trafikktryggleik vert fylgt med interesse, og prøvt ut også på sørsida av fylkesgrensa.