LARS MÆLANDlars.maeland@bt.no StordOgså naboane i Etne går god for flyttinga, men fylkespolitikarane i Hordaland seier tvert nei. I alle fall til spørsmålet om fylkesinndeling er avgjort.Fleirtalet i Hordaland fylkesutval meiner at ting må skje i denne rekkefølgja: først avklaring om framtidig fylkesinndeling, så kan enkeltkommunar finna si fylkestilknyting. På torsdagens møte i fylkesutvalet gjekk fleirtalet på ti, representantane frå Ap, KrF, Sp og V inn for at Ølen må venta med ein eventuell overgang til Rogaland til ny fylkesinndeling er klar. Framstegspartiet og Høgre meiner at Ølen skal få skifta fylke etter valet i 2003.Rogalandsforsking har laga ei utgreiing som tar for seg kva følgjer det får dersom Ølen melder overgang til Rogaland. Utgreiinga viser at det vil bli uheldige konsekvensar for Etne kommune og Leirvik som regionsenter dersom fylkesgrensa i sør blir endra, heiter det i vedtaket frå fylkesutvalet.