Av Ingrid Bjørkum,kst. fylkesmann i Sogn og Fjordane

Leikanger kommune huser stats— og fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane, med om lag 500 arbeidsplassar. Endringar som er på gang vil få konsekvensar for mange tilsette og påverke arbeidsmarknaden i heile Indre Sogn. Vi er positive til fornying og omstilling, men er opptekne av at vi framleis skal kunne tilby attraktive arbeidsplassar for høgt utdanna og kvalifiserte arbeidstakarar i distriktet. I den samanheng har vi dokumentert at vi har svært god kompetanse på mange område, og at vi fullt ut er i stand til å ta på oss nye oppgåver.

Regjeringa har sjølv sett i gang eit arbeid for å flytte statlege oppgåver ut av Oslo-området, og vi meiner vi har gode føresetnader for å ta imot slike – til dømes innan samferdsle/vegplanlegging, miljøvern, landbruk og bygdeutvikling, helseadministrasjon, fellestenester for statsadministrasjonen (løn, rekneskap m.v.), IKT- oppgåver (utvikling og drift) osb.

Dette er ikkje å «taue» folk til Sogn, slik Stedje framstiller det! Vi har pr. i dag pågang av folk som gjerne vil flytte til distriktet – vi har stor søknad på ledige stillingar, der det ofte er to høgt utdanna som må ha arbeid for at familien skal kunne flytte hit. Samstundes har vi både billigare og betre tilbod når det gjeld bustader, kontorlokale, barnehagar m.v. Dei som kjem hit blir også ofte svært stabil arbeidskraft.

Det er såleis mange gode grunnar til å desentralisere statlege arbeidsplassar – det viser også ein ny rapport til KRD (frå Cap Gemini Ernst &Young) der utflytting av Nasjonalbiblioteket til Mo i Rana, NSBs kundeservice i Fauske og Aetat si drifts- og brukarstøtte i Steinkjer er evaluert.

Så mi oppmoding til statsråden i møtet var å utnytte kompetansen i distrikta, saman med alle dei andre fordelene som finst her. Det er ikkje synd på oss – vi er gode, og har eit flott livsmiljø. Poenget er at det vil vere til det beste både for distrikt og «pressa» byområde å bruke oss meir!