Før i tida, då ein journalist gjerne var ein person som hadde greie på eit eller anna, og skrev i avisa om det, følte han gjerne eit ansvar overfor eit fagleg miljø for at fakta var rett presenterte. Etter at journalistikken er blitt et eige fag, er oppslaget og journalisten sett meir i sentrum. Om ein drit seg ut innafor eit fagfelt kan ein berre hoppa over på eit anna neste dag. Det heiter ikkje lenger å laga eit oppslag om ei sak, det heiter å laga ei sak. Det er difor ikkje å undra seg over at nokon strekkjer dette så langt at journalisten og oppslaget er saka, medan fakta, om dei finst, i beste fall er krydder for å vekkja publikums interesse.

Oppskrifta for eit lønnsamt oppslag er i grunnen ganske enkel. Presenter eit koppel av journalistar, jo fleire, jo meir truverdig blir oppslaget. Plukk ut ein person/gruppe som er allment godt kjend. Gjerne med heltestatus. Finn negative saker, som vil vera pikante om ein knyter dei til nett denne personen/gruppa. (Dopa idrettsutøvarar, korrupte politikarar, morderiske helsepersonell, kriminelle lovens vaktarar osv.), Ver kreativ, bruk fantasien.

Komponer eit antal hypotesar om kva som kunne ha skjedd. Bygg gjerne på udokumenterte påstandar andre har sett fram om liknande forhold.

Finn deretter tak i nokre haldepunkt som vekkjer interesser for hypotesane.

Framstill oppslaget på ei form som får publikum til å tenkje på undersøkjande journalistikk. Men ikkje undersøk så mykje at du risikerer at haldepunkta fell. Ring i staden rundt til personar og instansar som overfor publikum lett kan koplast til saka. Notér ned alle som ikkje veit noko, alle som ikkje hugsar noko, alle som ikkje er heime og tar telefonen, o.s.v. Samanstilt blir dette meir pirrande enn om ein hadde fått svar.

I staden for å forfølgja indisium fram til bevis, reduser i staden påstanden. Ikkje påstå at nokon er skuldig, det kan du bli tatt på. Det er i fjernsynet du jobbar, ikkje ved domstolen. Skap i staden eit bakteppe av pirrande stemningar, der publikum sjølv koplar og dreg konklusjonar. Kva sjåarane sjølv tenkjer er ikkje ditt ansvar. Kva andre fylgjer oppslaget måtte få i ettertid er heller ikkje ditt ansvar, du har berre retta eit kritisk søkelys på saka.

Grav fram nokre «nyttige idiotar» som startar debatten med kor viktig det er at nokon set søkjelys på saka. Dei som meiner at oppslaget var eit bomskot, må deretter starta kvar setning med at dei ikkje er imot at det vert sett søkjelys på saka, og har sjølvsagt tapt diskusjonen før han er begynt.

Snu bevisbyrda. Bruk myndigheita som programleiar og den stemninga som er skapt, til å krevja at den angripne personen/gruppa må bevisa si uskuld, alt under dekke av å stilla nærgåande, kritiske spørsmål.

Førebu oppfølgingsoppslag i tilfellet det første skapte bølgjer. Førebu ein variant med feiring av deg sjølv, og ein retrettvariant, alt etter kva som er kome fram i andre media gjennom uka. Hugs at gode dementi også kan setje sjåarrekord.

Når det no kan sjå ut til at Helskog må krypa til korset, er det ikkje fordi oppskrifta var feil. Helskogs bommert var i så fall at han braut mot pkt 7, og gjekk for langt i å framstille Astra-lista som eit bevis. Bare å vise lista med 150 preparatet, og seie at den hadde tilknyting til Lillehammer-OL, ville ha vore nok til å selje programmet i heile Skandinavia.

Av Atle Winjum