Arbeidet tek til 15. juni, og hotellet skal vere klart til å ta mot dei første gjestene 1. mai neste år.

Ingen kopi — Nye Turtagrø Hotell blir ikkje ein kopi av det gamle, seier eigaren, Ole Berge Drægni, til NRK Sogn og Fjordane. Han forsikrar likevel fjellfolket om at dei skal få eit særprega hotell.

Drægni har ikkje nok pengar til å gjere Turtagrø hotell heilt ferdig med ein gong. Til opninga 1. mai neste år reknar han med at 19 rom skal vere klare.

Det ærverdige gamle hotellet på Turtagrø like ved Sognefjellsvegen i Luster vart fullstendig totalskadd i den eksplosjonsarta brannen i vinter. Mykje litteratur og ei unik fotosamling om norsk fjellhistorie, famla gjennom fleire generasjonar, vart også teke av flammane. Brannårsaka er ukjend.

TOTALSKADD: Det ærverdige gamle hotellet på Turtagrø like ved Sognefjellsvegen i Luster vart fullstendig totalskadd i den eksplosjonsarta brannen i vinter.