Foreininga vil åtvara mot å endra grensene for landskapsvernområdet for å gjera gruvedrift mogeleg, og tvilar på om ei utskipingshamn let seg legga i Nærøyfjorden utan negative konsekvensar.DNT og medlemsforeiningane Bergen Turlag og Sogn og Fjordane Turlag meiner at Nærøyfjorden og Aurland er blant dei mest verdfulle fjordlandskapa i landet, og må sikrast for etterkomarane våre. Flåmsbana med 374.738 reisande i fjor, Nærøyfjorden med 311.900 og Stalheim Hotell med 298.000 gjestedøger årleg syner at reiselivet er ei stor næring i dette området.