Og kvifor? Fordi at då det var folkerøysting um kongedøme eller republikk, so var det stort fleirtal for republikk i Hardanger. Og for den del på store delar av Vestlandet.

No ser me at den sorten tullingar framleis finst i rikt mun på Austlandet. No vitra med eit menneskje kalla Siri Mollat, tryggleikssjef i Hydro. Som åtvarar Hydro-leiingi um kva som kan henda um dei reiser til Sogn og Fjordane! No er det vel heller slik at Eivind Reiten og Hydro-leiingi ved den dugløyse dei hev vist dei siste åri turvte vori åtvara imot å gå ut i det heile. Og kanskje særleg Eivind Reiten. Som energiminister for Senterpartiet var han den som fekk innført det kraftregimet me lever med her i landet for tidi. Og han turvte difor vera eit mogeleg terrormål for alle som kjøper elkraft her i landet. Men um Eivind Reiten og Hydro-leiingi ikkje skal tapa den siste, vesle rest av truverde dei måtte hava, so skal det berre mangla um dei ikkje skal fara til Sogn og Fjordane. Um det skulde koma fram nokon tilrop av tilnærma skjellsord, so er det i grunnen det minste dei bør tåla!

KJELL KJERLAND, GRANVIN