TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Kommunelegen understrekar at det ikkje er grunn til uro.

— Tuberkulose er ein sjukdom som det er god behandling for. Den råka går inn i behandling som vil strekkje seg over ni månader. Dei som er BCG-vaksinerte og har hatt positive resultat på pirquettesten, har stort sett livslang immunitet og blir sjeldan smitta, seier Jan Helge Dale.

Personen som har fått den sjeldne sjukdomen er tilsett i avisa Firdaposten, og det er avisa sjølv som fortel om tuberkulose-tilfellet i si nettutgåve. Etter at diagnosen no er stilt, skal det gjennomførast ei miljøgransking i lokala til Florø-avisa. Dei tilsette i avisa og næraste omgangskrinsen til den tuberkulose-smitta skal alle undersøkjast.

Før krigen var tuberkulose ein av dei store folkesjukdomane her i landet, men i våre dagar er det ein sjeldan sjukdom. Dei få som får tuberkulose er stort sett eldre menneske som har hatt sjukdomen som barn. Det er ti år sidan det sist var utbrot av sjukdomen i Flora, og då var det ein eldre mann som var smitta.

På verdsbasis har talet på tuberkulose-tilfelle gått opp dei siste åra.