JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bt.no— I Skagerrak har vi no ein sterk og stabil straum som renn nordaustover mot Grenlands-området og vidare nedover langs svenskekysten. Dette er uvanleg. Det normale ville vera at straumen gjekk vestover, rundt Jæren og nordover langs kysten. Men straumen som er i Skagerrak no hindrar altså chattonella-algene i å koma rundt Jæren og opp til Vestlandet, seier havforskar Einar Svendsen ved Havforskingsinstituttet i Bergen til Bergens Tidende.I dag ligg algefronten i farvatnet utanfor Mandal og Farsund. Havforskingsinstituttet har fått laga modellkart som syner at algefronten vil liggja om lag i same området også torsdag om ei veke. Press mot Sørlandet - Vi vil ha sørlege til søraustlege vindar i dei næraste dagene. Det pressar vatnet i Skagerrak inn mot Sørlandet. Og i Austersjøen er det lågt trykk, noko som hindrar at vatnet der vert pressa ut i Skagerrak, seier statsmeteorolog Dag Kvamme ved Virvarslinga på Vestlandet til BT.Men lenger fram enn ei veke er det svært vanskeleg å spå når det gjeld vir og straumtilhøve. Algemat på Vestlandet - Vi kan altså ikkje sjå bort frå at straumen i Skagerrak vil koma attende til det normale og føra chattonella-algene mot Vestlandet. I veka som kjem vil algene i Skagerrak ha brukt opp det meste av næringssalta i sjøen, som er mat for algene, men langs kysten av Vestlandet er det nok med næringssalt til at algene kan trivast, seier Svendsen. Gode alger i vest Langs vestlandskysten er det forresten alger i store mengder alt, men det er kieselalger, av det nyttige og gode slaget. Men algekartet for dagen i dag syner også andre algeforekomstar utanfor Vestlandet. - Vi veit ikkje kva slag alger dette er, men så langt har vi ikkje høyrt om at dei har gjort nokon skade,seier Einar Svendsen. Kjem med ballastvatn - Det vert hevda at ballastvatn frå skip som kjem frå Asia har ført algene til våre farvatn. Dersom det er rett, kan vel chattonella-algen dukka opp og formera seg kvar som helst på kysten, til dømes i oppdrettsfylket Hordaland?- Ja, det er rett. Slikt kan tenkjast. Men vi veit ikkje om chattonella-algen finst som frø langs Vestlandet. Vi har som sagt store konsentrasjonar av gode alger langs kysten no, og vi kan tenkja oss at dette hindrar chattonella-algen i å formera seg, seier Einar Svendsen.