Området mellom Kleven bru og Hallingskeid, med utsyn mot Klevavatnet, er blant dei som påkallar tvil og tru blant jernbanefolk. Toget smett ut og inn av korte tunnelar og snøoverbygg med sommaropne luker som tek vare på naturopplevingar frå togvindauget.

Raset som i går sperra Bergensbanen ved Ristesund ville neppe gjort nokon skade om det hadde kome ned neste år.

Jernbaneverket arbeider for tida med tiltak mot ras akkurat på denne staden.

— Vi lagar ein voll inn mot fjellet, og skal bygga eit overbygg, opplyser regionsdirektør Truls Hegrenæs til Bergens Tidende.

Det er ikkje avgjort om overbygget skal støypast i betong, eller om ein skal satsa på trekonstruksjon.

— Betong er sterkare, men skulle det bli knust, er det verre å rydda bort, resonnerer Hegrenæs.

Han meiner at den utsette strekninga på Bergensbanen vil bli mykje betre etter kvart som nye tiltak vert gjennomført. Regionsdirektøren har to gode grunnar for å satsa på slik «lapping» framfor ein lang tunnel.

— For det første manglar det pengar, for det andre misser Bergensbanen mykje fint utsyn, oppsummerer han.

Det er utarbeidd tunnelplanar i mange alternativ. Den lengste går frå Kleven bru og heilt opp til Finsetunnelen, eit anna frå Kleven til Hallingskeid, men det finst også kortare variantar.

Namnet Ristesund på dette punktet av Bergensbanen har ingenting med sund og sjø å gjera. Som så mange andre interne namn i jernbanemiljøet, skriv det seg frå ei einskildhending. Mest sannsynleg vart eit eller anna rista sund på denne staden vest for Hallingskeid, alt frå eit lokomotiv til termosen til ein jernbanemann.