Av Nils Eimhjellen — bonde

Bøndene brende bål, mot WTO, for eit framtidig norsk landbruk, levande bygder, næringsmiddelindustrien, turistnæringa, om retten til å ha ei viss sjølvforsyning av mat.

Som forbrukarar burde vi og brenne bål for trygg norsk mat.

Noreg har verdas beste dyrehelse, fordi vi har kaldt klima, godt avlsarbeid og små og spreidde buskapar. Det kalde klimaet gjev dårlege vilkår for bakteriar og smittsame sjukdomar. Godt avlsarbeid gjev dyr som er sterke mot sjukdomar - norske avlsdyr er ettertrakta på verdsmarknaden. Små buskapar gjev eigaren nærleik og betre kontroll med dyra. At buskapar og dyr er spreidde over heile landet gjev naturleg skjerming mot smitte.

Offentleg europeisk statistikk («Kjøttets tilstand 2002») syner at kjøtprodusentane i EU brukar 5-6 gonger så mykje antibiotika per 1000 tonn kjøt som i Noreg - 100 kilo i EU, 18 kilo i Noreg. I USA er det fritt sal av medisin til dyr, men også i EU dukkar det av og til opp skandalar om svartebørshandel med antibiotika og hormonar. Et du norsk kjøt, kan du vere sikker på at det ikkje inneheld antibiotika, og at dyret ikkje har vore dopa med veksthormon.

Norske kyr er ikkje på verdstoppen i mjølkeavdrått - men har mindre jurspreng - og stadig mindre forbruk av antibiotika mot mastitt. Dei er meir fruktbare og har mykje mindre kalvingsvanskar enn andre. Vi har streng veterinær kontroll med all medisinbruk, og helsekort på kvart einaste dyr.

Vi brukar mindre medisin på sauene våre fordi dei går spreidde, oftast i fjellet, og et mange slag gras og urter. Sauer og lam som går tett, på avgrensa beite, må ofte få medisin mot snyltarar.

Den norske grisen har god forutnytting, gode bein og lite spekk, og er ettertrakta som avlsdyr, serleg i Japan. Og etisk; Noreg er einaste land i verda som har påbod om at kastrering av smågrisar skal utførast med bedøving, og av veterinær.

Vi er einaste land i verda som ikkje har salmonella på kyllingane og i egg.

Vi er fri for kugalskap, og munn- og klauvsjuke.

Norskprodusert mat har ein tilleggsverdi fordi den er trygg, gjev arbeidsplassar, levande bygder, turistnæring. Og det skal koste noko å sikre matforsyninga i ein eventuell krisesituasjon.

Skal vi øyde alt dette, slik Kapital-Hegnar, Frp-arane og andre politikarar vil? Skal vi få mjølka frå Tyskland, lam frå Australia - transportert levande i bulkskip (vi vil ha ferskt kjøt), grisen frå Polen, kyllingen frå Frankrike og kukjøtet frå England? Skal matforsyninga vår styrast av multinasjonale matkonsern?

For to år sidan brann det bål - dyrebål i England og andre EU-land. No gjeld det WTO og ny jordbruksavtale for norsk jordbruk - om vi skal ha ein norsk matproduksjon.

Meiner du noko om dette må du må gje beskjed til din politikar - no!