TERJE ULVEDALODDLEIV APNESETH terje.ulvedal@bergens-tidende.noFlorøMedan Herdis Seim var på Sri Lanka frå før jul til etter nyttår, kom to trusselbrev til heimeadressen hennar i Florø. Begge er poststempla på Bergen postterminal, men avsendaren er anonym.— Målet med desse breva er heilt klart å skremme meg. Eg opplever det som utruleg sleipt og feigt å skrive slike brev anonymt. Eg kan vere open for å diskutere mangt og mykje, men det er jo uråd når dei som meiner eg har gjort noko kritikkverdig, ikkje torer stå fram, seier Herdis Seim til Bergens Tidende. Rasediskriminerande - Er du redd?- Nei, eg opplever ikkje situasjonen som truande. Breva rokkar heller ikkje det minste med mi avgjerd om å leve saman med ein mann frå eit anna land.Herdis Seim ønskjer ikkje å gå i detaljar om det som står i breva, men seier at innhaldet i stor grad er rasediskriminerande. - Eg opplever det mest som sjikane. Innhaldet konsentrerer seg om at eg har valt å leve saman med ein mann som har ein annan hudfarge, fortel Florø-kvinna.Til Bergens Tidende seier Herdis Seim at ho kjem til å melde saka til politiet.- Ja, eg meiner dette er å gå over grensa, og kjem til å levere inn formell anmeldelse. Då tamilske Sri, Herdis Seims sambuar i snart fire år, vart send ut av landet før jul, valde Florø-kvinna å følgje sambuaren til Sri Lanka for å gifte seg med han der nede.Reaksjonane på utvisinga i midten av desember blei sterke, etter at det var klart at Utlendingsdirektoratet (UDI) ikkje ville gje tamilen opphalds- og arbeidsløyve sidan paret ikkje var gifte. Sidan Sri ikkje fekk opphaldsløyve, kunne dei heller ikkje få løyve til å inngå ekteskap her i landet. 18. desember, berre få dagar etter at dei to kom til Sri Lanka, gifte dei seg på eit sorenskrivarkontor i hovudstaden Colombo.Tysdag kom Herdis tilbake åleine. Sambuaren har ikkje fått gyldig pass, og må vente på dette før han kan søkje om visum til Norge. Henta posten Medan dei to var på Sri Lanka, kom det to brev med klart truande innhald til Herdis Seims adresse i Florø.Det var mor til Herdis Seim som først oppdaga trusselbreva, då ho henta posten. Mora gjekk direkte til politiet med breva.I går var Herdis Seim sjølv i kontakt med politiet i Florø, men anmeldelsen kjem først til å bli levert over helga.

— Skrive for å skremme

FEKK TRUSLAR: Herdis Seim går til politiet etter at hun har trusselbrev frå ein anonym avsender.